Hopp til innhold

Her vart det bråstopp då porten kila seg fast

Føraren av ein semitrailer fekk seg truleg ei svært spesiell oppleving i Storehaugtunnelen på riksveg 13 over Vikafjellet i dag. Kuldeporten i tunnelen kila seg av ukjent grunn fast mellom hytta og tralla på køyretøyet.

Semitrailer sette seg fast i kuldeporten i Storehaugtunnelen

BOM FAST: Sjåføren av den utanlandsregistrerte semitraileren kom seg verken fram eller tilbake etter at kuldeporten hadde kila seg fast.

Foto: Privat

– Vi veit ikkje akkurat kva som har skjedd, om det er porten som har fått ein teknisk svikt, eller om sjåføren har prøvd å køyre gjennom porten medan den var på veg ned.

Det seier byggjeleiar for driftskontraktane i Midtre Sogn, Johann Njaastad, til NRK.no fredag ettermiddag.

Storehaugtunnelen er den einaste tunnelen på fjellovergangen Vikafjellet som går mellom Vinje i Voss i Hordaland og Vik i Sogn i Sogn og Fjordane.

Sidan i føremiddag har tunnelen vore stengd, og det på grunn av ei heller spesiell hending.

Har kilt seg bom fast

Semitrailer sette seg fast i kuldeporten i Storehaugtunnelen

ØYDELAGT: Kuldeporten er så øydelagt at den må plukkast ned før trafikken kan sleppe gjennom tunnelen igjen.

Foto: Privat

Kuldeporten står omtrent midt i tunnelen, og er der for å hindre ising i tunnelen når det er trekk gjennom han vinterstid. Det er sensorar som registrerer at køyretøy nærmar seg, og som opnar og stenger porten.

Torsdag vart det utført servicearbeid på porten, som er noko som blir gjort kvar haust før vintersesongen. Ifølgje Njaastad var det då ingen feil på porten.

I dag står altså ein semitrailer fast, etter at porten har sett seg fast mellom hytta og tralla.

– Porten i seg sjølv er tung, og har ein elektrisk motor. Om den treff eit køyretøy skal den i utgangspunktet gå opp att, men det kan verke som den i dette tilfellet har kilt seg fast, seier Njaastad i Vegvesenet.

Som ein ser av bileta har porten kilt seg fast mellom førarhytta og sjølve tralla på semitraileren. Der har den krølla seg før den har klart å gå heilt ned.

I løpet av ettermiddagen har det blitt opna for at mindre køyretøy fekk passere gjennom tunnelen, men Statens vegvesen melde i ettermiddag at tunnelen blir heilt stengd frå klokka 17 til klokka 20.

– Planen no er først og fremst å få laus semitraileren.Vi ser også at porten er så øydelagt at den må ned, seier Njaastad.

Spesielt tilpassa port

Njaastad opplyste i 17-tida at stenginga i ettermiddag kan drage ut i tid. Skadane på porten er nemleg så store at heile porten må ned.

Det vil kunne ta tid før Vegvesenet får på plass ein porten. Kuldeporten i tunnelen er nemleg spesielt tilpassa, og dersom det må lagast ein heilt ny port er det ikkje gjort i ei handvending.

– Dette er ikkje lagervare, for å seie det slik, seier Njaastad.

Politiet har også vore på staden og snakka med sjåføren av semitraileren. Ifølgje operasjonsleiar Ole Tom Nord i Vest politidistrikt vurderer politiet om dei skal opprette sak på hendinga.

Klokka 20.15 vart Storehaugtunnelen opna att for fri ferdsel, etter at semitraileren har blitt fjerna og kuldeporten teken ned.