NRK Meny
Normal

Kulden utset oppryddinga i Sløvåg

Fjerninga av avfallet etter Vest Tank-ulukka i 2007, er utsett nok ein gong.

Oppryddingsarbeidet har teke tid og det var lova at avfallet skulle vere vekke innan 18. januar . Men kulda har vanskeleggjort reingjeringsarbeidet.

Avfallet blir difor liggjande nokre dagar til. Stadig utsetjingar av avfallsfjeringa uroar ikkje Bjørn Bjørnstad i Klima- og forureiningsdirektoratet.

- Vi tykkjer det har teke veldig lang tid med å rydde opp på anlegget i Sløvåg, men at det tek eit par ekstra dager på grunn av vertilhøva er ingen problem, seier han.