Hopp til innhold

Kulda aukar risikoen for ulukker

Risikoen for ulukker utandørs aukar i takt med kvikksølvet som rasar nedover.

Sigvald Tjønnaland, Svein Kåre Akse og Czeslaw Cozac

KALDE DAGAR: Bakpå bossbilen kan det bli kalde arbeidsdagar for Sigvald Tjønnaland, Svein Kåre Akse og Czeslaw Cozac.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Kulden kom rekordtidleg over Norge i år. Det kan vere ei ekstra belastning for dei mange som har sin arbeidsplass utandørs.

Sjølv om det handlar å kle seg godt, kan temperaturen påverke korleis vi fungerer på arbeidsplassen.

- Når temperaturen byrjar å synke, aukar tal feilhandlingar. Følgjene er at risikoen for ulukker blir større når temperaturen blir lågare, seier SINTEF-forskar Hilde Færevik.

Video Arbeid i kulda aukar risikoen for ulukker

VIDEO: Forskarar hos SINTEF meiner at det lettare oppstår farlege situasjonar når det er kaldt. Men dei fleste har ikkje noko val og må på jobb, trass i stadig nye kulderekordar.

- Pass på

For når kvikksølvet kryp under ti minusgrader, byrjar det å gå seinare - og det kan føre til farlege situasjonar.

- Ein må vere ekstra obs på at ein tek pauser og passer på å få varma seg dersom ein må jobbe utandørs i ein slik kuldeperiode som no, seier SINTEF-forskar Heidi Færevik.

Video Trening i kulda kan vere skadeleg

SKADELEG: Det er ikkje berre arbeid i kulden som er skadeleg. Ekspertane frårår trening...

På lastebil i 18 minus

Svein Kåre Akse og Czeslaw Cozac

TUNGE LØFT: - Den største utfordringa er at folk ikkje ryddar vekk snø rundt dunkane sine. Slik at vi må løfte dunkane i staden for å trille dei. Det er tungt. Vi kjenner det over heile kroppen, seier Akse.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

- Det er litt kaldt av og til, vedgår Svein Kåre Akse som har sin arbeidsplass bakpå ein av dei mange bossbilane som er å sjå på vegane i Sunnfjord. Ullklede, stillongs, tjukk gensar, god og varm jakke og hue er arbeidsantrekket hans på kalde vinterdagar.

Då arbeidsgjengen reiste på jobb i morgontimane tysdag, viste gradestokken 18 kuldegrader.

- Er gradestokken det første du ser på om morgonen?

- Ja. Det er det ikkje tvil om.

Påverkar mentalt

Tysdag melder avisa Firda at telen stogga arbeidet til Entreprenørservice og Åsen og Øvrelid i Førde. Det førte til permitteringar.

Det er uvisst kor mykje eit menneske kan tole av arbeid ute i kulda. Færevik har inga fast grense for kor kaldt det må vere før ein må avbryte arbeidet, men blir ein utsett for kulda lenge nok går det ikkje berre ut over fingrar og tær.

- Dersom du har vore lenge ute, så kan den mentale yteevna bli råka, seier ho.

- Må ofte inn

Torjus Pettersen og Jon Erik Gjerland

KALDE DAGAR: Torjus Pettersen og Jon Erik Gjerland har kalde arbeidsdagar for tida...

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Vere ekstra obs på at ein tek pauser og passer på å få varma seg dersom ein må jobbe utandørs i ein slik kuldeperiode som no, held Færevik fram.

Den erfaringa har også byggjeleiar Jon Erik Gjerland ved ein byggjeplass i Førde gjort seg.

- Er det skikkeleg kaldt må vi ofte inn att og tine opp att frosne tær. Men dagane kan bli tunge når sola glimtar med sitt fråver, seier han.