NRK Meny
Normal

Kulaste politikaren i Sogn og Fjordane?

Ap-topp Tor Bremer har lenge vore ivrig på facebook og jobba hardt for imaget som kul politikar med teft for å utnytte nye medier. Men er det kult å bry seg om sokkesig midt under fylkestinget?

Kommentar: distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen

Først må eg seie at det er noko prisverdig over etablerte politikarar som har lyst til å utvikle seg vidare for å få fram bodskapen. Ta i bruk nye nettsamfunn, nye måter å kommunisere på. Facebook og Twitter for berre å nemne nokre få.

Ein av dei ivrigaste politikarane i Sogn og Fjordane på facebook er fylkesvaraordførar Tor Bremer. Han er også andrekandidat på stortingslista til Ap, altså ein potensiell stortingspolitikar med eit stort nettverk på nettet. Og han er av dei som har forstått at interessa for viktige og seriøse saker for innbyggjarane i fylket ikkje alltid er like stor hos den vanlege mann og kvinne. Her må det brukast meir kule verkemiddel, til dømes humor på nettet, kjappe og artige meldingar som skaper engasjement.

Ut av osteklokka

Tor Bremer vil ut av osteklokka som han meiner Senterpartiet forsøker å tre ned over fylkestinget. Han vil kommunisere direkte med veljarane for å skape engasjement – fortelje kva dei gjere på i ulike møter. Og det er jo prisverdig.
Eg hadde nyleg den ære å vere i lag med Tor Bremer på møtet i fylkesberedskapsnemnda. Der fekk vi vite at 40 prosent av arbeidstokken i Norge kunne bli smitta av svineinfluensa. Kva gjere vi då?, var temaet.
Bremer var der til lunsj, og like etter skreiv han på facebook, ”no kan influensaen berre kome, eg har vore på møte i fylkesberedskapsnemnda”. Ganske kul kommentar det av ein ansvarleg politikar.
Og i det siste fylkestinget prøvde Bremer seg altså igjen med humor på nettet. Medan andre fylkestingspolitikarar talte frå talarstolen om ulike saker jobba Tor Bremer på facebook. ”Eg kommuniserer med innbyggjarane i fylket,” som han seier til Firda.

Krampaktig kul

Og i eit innlegg skriv han altså at noko av det mest irriterande han veit om i livet er sokkaseg!..” Kommentar…?”
Kulare kan nesten ikkje ein politikar bli.
Men er det særleg klokt? Er det smart av ein politikar med ambisjonar om å kome stortinget å framstå som krampaktig kul og innovativ, her er guten som har forstått kva folk vil ha – kule kommentarar uansett tid og stad, også midt under fylkestinget. Her skal det verkeleg kommuniserast.

Er det truverdig?

Eller er det litt trist, litt over kanten, litt avslørande, ja nesten litt pinleg. Det verste ungdom veit er 50-åringar som skal operere som 20-åringar i stil og innhald, både på nettet og elles. Er det ikkje mogeleg å vere ein ansvarleg politikar med eit ryddig forhold til møtereglar og likevel nå fram med ein bodskap på ein god måte? Også på ulike nettsamfunn?
Eller er dette måten å gjere det på? Er det denne typen politikarar vi får i framtida? Kjapt og kult!
Og dersom Bremer verkeleg meinte ”sokkaseg” var noko å bry seg med midt under fylkestinget, kvifor sletta han då innlegget når han vart konfrontert med saka av journalistar og politikarar? Er det truverdig?

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.