Hopp til innhold

KS vil ha meir pengar til eldreomsorg

KS-leiaren meiner staten må bla opp meir pengar til eldreomsorga som er under kraftig press.

Jenny Følling

MÅ TA TAK: KS-leiar Jenny Følling seier dei vil krevje meir midlar til kommunane når dei har rekna på kor stort behovet er.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Når det ikkje vert tilført større ressursar er dette presset noko vi i KS har frykta, seier KS-leiar i Sogn og Fjordane Jenny Følling.

Samhandlingsreformen har gjort at ventetidene på sjukeheimsplass er blitt lenger, og sett eldreomsorga i fylket under press. Det syner ein fersk rapport gjort av Helse Førde og KS.

Burde fått ekstra midlar

Årsaka er at kommunane må ta i mot pasientar frå sjukehusa tidlegare enn før, ofte eldre og svært pleietrengande sjuke som krev tett oppfølging.

I går fortalde NRK Sogn og Fjordane at 21 av 27 kommunar har auka press i eldreomsorga, halvparten strevar med overbelegg på sjukeheimane, og 21 kommunar må legge eldre på fleirsengsrom.

Avdelingsleiar Sølvi Nesbakk Ryland ved Eid sjukeheim har måtta sjå langt etter meir pengar til å klare nye oppgåver.

– Vi har ikkje fått tilført noko ekstra midlar for å klare desse endringane og utfordringane. Det burde vi jo fått.

(Artikkelen held fram under)

Pasient måtte bu her i over ein månad

PLASSERT PÅ TOALETT: Mellombels pasientar blir plassert på det som eigentleg er eit toalett på omsorgssenteret i Hornindal.

Foto: Heidi Lise Bakke

Vil vise regjeringa behovet

Då reforma vart innført vart det lova at pengane som trengst skulle følgje med, no vil KS vise regjeringa at det ikkje har skjedd.

– Samhandlingsreforma er ein rett reform, men kommunane må få pengar til å gjennomføre det dei har ansvar for, seier Følling.

Burde ikkje ein sett dette før?

– Det burde ein jo. Og KS har prøvd, men skal vi framføre krav overfor regjeringa så må vi ha rekna på kor stort behovet er. Den jobben må vi ta tak i, seier KS-leiaren.