Hopp til innhold

KS innrømmer dårleg tilbod

KS vedgår at kommunane gjer lite for pårørande innan rus.

Video nsps_upload_2009_3_17_19_41_43_950.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Og KS-leiar Olav Lunden kjenner knapt nok til rusettervernet.

Usikker på tilbodet

Kommunelova seier at kommunane har eit ansvar for rusettervernet, men Lunden seier dette er noko som heller ikkje han har oversikt over.

- I mitt lokalområdet trur eg ganske sikkert at det fungerer godt, som i Sogndalsområdet. men om vi har eit fellesområdet på dette kan eg ikje seie, seier KS-leiaren.

Lunden som òg er ordførar i Leikanger er til og med usikker på kva dei gjer for pårørande i sin eigen kommune.

Får ikkje støtte


Fleire pårørande og rusettervernsgrupper i Sogn og Fjordane slit kraftig økonomisk. I gruppene samlast folk som slit med rus eller som har familiemedlemer med omfattande rusproblem. Men fleire av gruppene får ingen hjelp frå kommunane sjølv om dei etter lova har eit ansvar for å hjelpe pårørande.

I Førde står Kari Margrete Rønning i ein fortvila situasjon.Gruppa har ikkje ei krone på konto.

- Det er faktisk ikkje midlar. Kommunane er ikkje flinke til å stille opp. Kvifor dei ikkje gjer det veit eg faktisk ikkje, seier ho.

Kommunane sviktar

I følgje Rønning sviktar mange kommunar i fylket totalt for denne gruppa. Ho etterlyser mellom anna at kommunane samarbeider om å få på plass gruppeleiarar som kan organisere og hjelpe grupppene.

- Vi treng fleire leiarar og hadde med glede teke imot 12 stykker som kunne leia. Vi ønskjer å få til eit samarbeid med kommunane. Om det berre hadde vore nokon i Helse Førde og i NAV ville det betydd mykje for mange.

Men samarbeidsorganet for kommunane KS har til no gjort ingenting, og Lunden som vurderer å dette opp i styret i KS, vedgår at han veit knapt noko som helst om problemet.

- Vi har kanskje arbeidd lite med dette i KS. Dette kjenner eg faktisk lite til.