NRK Meny
Normal

Kryssar fingrane for smittefri elv

Undersøkingar som Norsk Institutt for vassforsking har gjort i Lærdalalselvi no august syner ikkje ny smitte av Gyrodactylus Salaris.

Lasse Sælthun og Lærdalsalva

FANN IKKJE GYROSMITTE: Leiar i elveeigarlaget i Lærdal, Lasse Sælthun håpar dei snart kan friskmelde Lærdalselvi heilt.

Foto: Sondre Dalaker / Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det var ein veldig god beskjed å få, men når det er sagt så må ein framleis ha litt is i magen. Det seier Lasse Sælthun, som er leiar i elveeigarlaget i Lærdal.

I 1996 blei den frykta gyrodactylus salaris første gong påvist i Lærdal. I løpet av dei 18 åra som er gått sidan den gong, har det vore gjort fleire forsøk på å bli kvitt den frykta lakseparasitten.

Omstridd behandling

I 1997 blei elva behandla to gonger med den omstridde plantegifta rotenon, til høglydte protestar frå blant anna miljøvernar Kurt Oddekalv.

Men parasitten dukka opp igjen, og elva har seinare vore gjennom behandling med surt aluminium i 2005, 2006, 2011 og 2012

I august fanga Veterinærinstituttet til saman meir enn 228 lakseungar ved ulike lokalitetar i Lærdalselvi i august, og undersøkingane syner at ingen av desse var infisert med Gyrodactylus Salaris.

Lasse Sælthun

RYSSAR FINGRANE: Lasse Sælthun er leiar i elveeigarlaget i Lærdal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er klart det er eit steg i rett retning. Etter den aller første behandlinga så gjekk det godt to år før ein igjen fann smitte i elva. Så difor må vi vere optimistar, men ikkje sleppe jubelen heilt laus enno.

Kanskje i 2017

Både fjoråret og denne sesongen har det vore bra fiske i elva som gjerne blir kalla "Dronninga" av lakseelvane.

– Vi har vel landa ganske nøyaktig 1500 fisk i år, der 500 var sjøaure. Om lag 70 prosent av laksen som blei tatt blei sett ut igjen.

– No er det gått to år sidan siste behandlinga av elva, når meiner du de kan vere heilt trygge på å vere kvitt lakseparasitten?

  • LES OGSÅ:

– Dersom vi ikkje har oppdaga ny gyrosmitte når vi kjem til 2017, då blir elva friskmeld. Då kan vi alle fall feire. Jo lenger det går utan at det blir oppdaga ny smitte til tryggare kan vi vere.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser