Hopp til innhold

Kronprinsen valde spektakulær veg

Kronprins Haakon valde ein flott fjellveg då han sette kursen mot Turtagrø. - Det er litt stas at han valde Tindevegen, seier styreleiaren.

Kronprinsen på Tindevegen

FØLGJET TIL KRONPRISEN: Fire bilar kom til bommen. Her betalte dei 70 kroner per bil for å få passere.

Foto: Privat

Tindevegen er ein 32 kilometer lang bomveg mellom Årdal og Turtagrø, og er rekna som ein snarveg gjennom Jotunheimen. Den er vinterstengd og opna for trafikk torsdag kveld.

Fredag fekk vegen storfint besøk då kronprins Haakon og følgjet tok turen over fjellet.

– Han valde det som kanskje er Norges mest spektakulære fjellovergang. Kronprinsen hadde med seg Marius og laurdag var dei på topptur til Lauvnåstind. Eg tykkjer det er bra at dei hadde fått med seg at vegen nettopp var opna, seier Frank Eldegard som er styreleiar i Tindevegen.

Litt stas

Det var eit følgje på fire bilar som kom til bommen på fjellet. Her betalte dei 70 kroner for kvar bil.

– Eg tykkjer det er kjekt at dei valde denne vegen. Det er litt stas, seier han.

Nestleiar i Tindevegen, Anders Fortun, seier dei valde vegen med den flottaste utsikta i Jotunheimen. Vegen går gjennom vakra toppar i fjellheimen og har mange flott utsiktspunkt.

– Det er ingen anna veg som er som dette, seier Fortun.

Perfekte forhold

Han seier nysnøen har gjort til at det har vore perfekte forhold ved Turtagrø. Fleire hundre personar har vore samla til High Camp i helga.

– Det har vore pudderalarm i heile området, seier han.

Sognefjellet er stengd på grunn av uver og blir ikkje opna i dag. Tindevegen er framleis open, for brøytebilen går kontinuerleg. Bilistane må vere obs på enkelte smale parti.

– Det er ikkje tilrådeleg med sommardekk her, seier han

Kronprinsen og følgjet set kursen mot Oslo i dag, og både Fortun og Eldegard reknar med at dei køyrer Tindevegen tilbake.

tindevegen i Berdalen 1. mai 2012

TINDEVEGEN: Her ved Berdalen 1. mai.

Foto: Anders Fortun