Kronprinsen til Jølster

Når kronprins Haakon vitjar Førde og Reodorklubben i neste veke, skal han også vitje to gardar i grenda Slåtten på Jølster. Under styrtregnet i slutten av juli gjekk det mange ras frå fjellet Halvgjerda, og mange bebuarar fryktar for rasfaren. I tillegg til å møte huseigarar, blir kronprinsen orientert om redningsarbeidet, beredskapsplanar og følgjer av rasa.

Kronprins Haakon i Ny-Ålesund
Foto: Eivind Molde / NRK