NRK Meny
Normal

Kronerulling skal gi heider til omstridd krigshelt

Ein bauta for å heidre omstridde Oliver Langeland vil koste 200.000 kroner. No har ei lokal gruppe starta kronerulling for å få på plass eit minnesmerke for krigshelten.

Per Ingvar Langeland og John Olav Vereide

GIR IKKJE OPP: Per Ingvar Langeland og John Olav Vereide gir ikkje opp arbeidet med å få reist ein bauta til minne om gamleonkelen deira, krigshelten Oliver Langeland.

Foto: Bård Siem / NRK

Det offentlege støttar ikkje opp om ein bauta for den tidlegare Milorg-sjefen i Oslo. Det stoggar ikkje ei lokal gruppe i Nordfjord å få reist ein bauta for å heidre Oliver Langeland.

Ei kronerulling har så langt gjeve 40.000 klingande mynt i kassen. Det er ein femtedel av det minnesmerket vil koste.

– Når vi ikkje får støtte andre stader, så må vi sjå om folket er villige til å støtte opp om dette økonomisk, seier Jon Olav Vereide.

Vart trekt for retten

Nordfjordingen verkar å vere like omstridd i dag, som dei tidlege åra etter krigen. Langeland vart heidra for stor krigsinnsats, men to bøker seint på 40-talet gjorde at han vart nærast sett på som ein landssvikar.

I bøkene «Dømmer ikkje» og «For at I ikkje skal dømmes» gjekk han hardt ut mot landssvikoppgjeret og kritiserte samfunnstoppar for å ha samarbeidd med tyskarane.

Oliver Langeland.

OMSTRIDD: Oliver Langeland vart etter krigen heidra for stor krigsinnsats, med mellom anna diplom frå Dwight D. Eisenhower, øverstkommanderande for dei allierte styrkane i Europa under andre verdskrig.

Riksadvokaten trekte Langeland for retten, men nordfjordingen vart i hovudtrekk frikjent.

– Oliver var interessert i å få rettferdig oppgjer etter krigen. Det er det desse to bøkene handlar om også. Han vil ikkje at nokon skal dømmast urettferdig, seier Vereide.

Kritiserer Langeland

Forsvarsdepartementet var i utgangspunktet positive til å gje økonomisk støtte, men gav til slutt avslag. Avslag vart det også frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune.

– Det vi prøver no, er å få litt rettsferdigheit for det som skjedde etter krigen, seier Vereide, som også er i slekt med Langeland.

To historikarar har uttala at Langeland ikkje fortener noko bauta etter seg. I eit brev til Forsvarsdepartementet framstiller Øystein Hetland nordfjordingen som ein høgreorientert nasjonalist.

– Bautaen skal opp

Per Ingvar Langeland, seier gamleonkelen hadde sterk rettferdssans i blodet.

– Han Oliver sa det sjølv at rettferdssansen fekk han frå foreldra, seier han og er bastant på spørsmål om bautaen skal opp.

– Ja, den skal opp. Vi tek tida til hjelp. Oliver var interessert i å få eit rettferdig oppgjer etter krigen. Det er det desse to bøkene handlar om. Han vil ikkje at nokon skal dømmast urettferdig.