Hopp til innhold

Kronerulling for betre veg

Ei aksjonsgruppe i ytre Bremanger har starta kronerulling for å få utbetra deler av riksveg 616 mellom Klubben og Kalvåg, skriv Firdaposten. Bygdefolket må samle inn to millionar kroner for å løyse ut ytterlegare fire millionar kroner i tilskot til arbeidet frå kommunen og fylkeskommunen. Så langt har gruppa fått inn 350.000 kroner.