Rektor Olav Arnar Bøe trur dette betyr kroken på døra for skulen som økologisk tilbod. Han har lita tru på at fylkeskommunen kan og vil overta drifta av skulen.
Ei ekte landsline
– Vi er ei landsline i ordets rette forstand, vi har elevar frå heile landet og berre 5-10 % frå eige fylke. Og det var det som var intensjonen med landslinene, seier Bøe.
Skjermar dyre landsliner
Statssekretær Helge Ole Bergesen seier dei har fjerna tilskotet til jord- og hagebruksskulen for å skjerme endå dyrare utdanningar.
– Stortinget har bede regjeringa om å skjerme dei landslinene som har spesielt store kostnader, til dømes innanfor flyteknikk. Når regjeringa kuttar for å halde eit stramt budsjett, rammer det skulen i Aurland, seier statssekretæren.
Sogn Jord- og Hagebruksskule har i dag 44 elevar.