Både hundeeigaren og Randi Aarethun i Dyrebeskyttelsen er negative til politiet sin handlemåte. At politiet som øvste myndigheit i dette landet skal kunne gjere noko slikt, set ho eit stort spørjeteikn ved.
Det var torsdag kveld bordercollien gjekk til åtak på ein mann i Eikefjorden, truleg etter å ha komme borti eit elektrisk gjerde. Politiet prøvde både lokkemat og peparspray på hunden, som politiadvokat Knut Broberg i Sogn og Fjordane politidistrikt skildrar som farleg.
Skota gjekk gjennom hunden
Foto: Alvgeir Stegane
Betjentane valde difor å skyte hunden, som rømde til skogs. Politiet trudde hunden var død, men laurdag dukka han opp heime hjå eigaren. Politiet hadde nemleg skote med ein MP5 maskinpistol, medan hagler og rifler er best eigna til avliving. Kuler frå politivåpenet går nemleg lettare gjennom dyret utan å ta livet av det. Også eigaren av bordercollien, Alvgeir Stegane, reagerer på våpenbruken.
Politiadvokat Knut Broberg seier det ikkje var noko andre fornuftige alternativ. Han hevdar politiet gjorde det einaste dei kunne då dei skaut på hunden med tenestevåpenet.
Hunden fekk ikkje varige mein etter hendinga. Og politiet har ikkje teke stilling til om hunden får leve.