NRK Meny
Normal

Kritiske til at milliardær får bygge hytte

Spar Kjøp-eigar og milliardær Tom Eide Knudsen har fått lov til å byggje seg hytte på eit gardsbruk i Fjaler. Senterpartiet og Bondelaget fryktar at kommunen har latt seg skremme av ein av Norges rikaste menn.

Gard på Hovland i Fjaler

FORLATEN: På denne slitne garden vil Tom Eide Knudsen bygge seg fritidshus. Han fekk først nei grunna buplikt.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det står for meg som veldig rart, seier lokallagsleiar Kjetil Felde i Fjaler Senterparti.

Kjetil Felde (Sp)

LET DEI SEG PRESSE? Det spør Kjetil Felde (Sp) etter at formannskapet i Fjaler gjorde heilomvending og likevel gav Spar Kjøp-eigar Tom Eide Knudsen klarsignal for å bygge hytte på garden han eig.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Kommunen sa først sa nei til Bergens-milliardær Tom Eide Knudsen sine hytteplanar på grunn av buplikta. No har formannskapet gått med på ei uvanleg ordning: Upersonleg buplikt. Knudsen får bygge seg ny fritidseigedom på gardsbruket han eig, mot han han nokon andre bu der for han, i perioden med buplikt.

Det var avisa Firda først omtalte saka.

Fekk nei – føreslo spesialordning

Det var Knudsen sjølv som føreslo den noko spesielle buplikt-ordninga. Ein tabbe av kommunen, meiner Sp-aren Felde.

– Det var folk som viste interesse og hadde planar for eigedomen. Vi er heilt avhengige av å ha busetnad i grendene våre, om vi skal klare å halde oppe folketalet. Vi kan ikkje berre ha fritidsbustader. Det går ikkje, meiner Felde.

Han får støtte frå Bondelaget.

– Personleg buplikt er å føretrekke. Den buplikta det her er snakk om, har eg ikkje høyrt om. Uansett er det matproduksjon som må vere førsteprioritet, og at folk bur på bruket, seier styremedlem Nils Magne Gjengedal i Sogn og Fjordane Bondelag.

Gardsbruket på Hovland i Fjaler på 1970-talet

GLANSDAGANE Gardsbruket på Hovland fotografert ein gong på 1970-talet. Då var garden både busett aktivt driven. Kjetil Felde i Sp hadde helst sett at garden igjen vart busett av folk som vil bruke marka.

Foto: Privatfoto

Avviser påverknad

Felde fryktar formannskapet har latt seg presse av Knudsen, som er ein av Norges rikaste menn, til å gå med på den uvanlege ordninga.

– Det trur eg nok. At dette har påverka resultatet av avstemminga, er eg ikkje i tvil om.

Arve Helle

– LET MEG IKKJE PRESSE: Ap-politikar Arve Helle var blant dei som stemte ja i formannskapet til å gi upersonleg buplikt.

Foto: Johan Moen / NRK

Påstanden blir avvist hos dei som røysta for å gi Knudsen upersonleg buplikt på eigedomen.

– For min eigen del, så har i alle fall ikkje det vore tilfelle, seier Arve Helle (Ap).

Den tidlegare Fjaler-ordføraren kjende ikkje til ordninga med upersonleg buplikt før han fekk denne saka i hende. Men han meiner løysinga er like god som vanleg buplikt.

– Eg har problem med å sjå at det skal vere noko stor forskjell på dette. Uansett kva buplikt ein har, så er den fjerna etter fem år. Då står ein uansett fritt til å ikkje bu der, påpeikar Helle som også opnar for at ordninga kan bli brukt i andre saker.

Nils Magne Gjengedal

– ALDRI HØYRT OM: Nils Magne Gjengedal i Bondelaget ønskjer seg ordinær buplikt.

Foto: Truls Kleiven

Ville heller hatt barnefamilie

Men i Senterpartiet fryktar ein for busettinga i utkantfylke som Sogn og Fjordane, om ein med denne saka set presedens for at det vert enklare å skaffe seg fritidseigedom på gardsbruk.

– Slike eigedomar kan vere attraktive for småbarnsfamiliar som ønskjer å bu utanfor tettbygde strok, som ønskjer å kunne ha nokre sauer eller ein hest. Det hadde vore mykje meir verdt for Fjaler å få ein småbarnsfamilie med born, enn ein som skal bruke det som fritidseigedom, meiner Felde.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser