Hopp til innhold

Kritisk tilstand

Tilstanden til Holvikjekta i Gloppen er kritisk. Det kjem fram i Hardanger fartøyvernsenter i sin rapport etter å ha vurdert tilstanden til den gamle båten, skriv Firda. Holvikjekta er ei av dei siste jektene som vart bygde på Sandane i Gloppen i 1881, og er den einaste av sitt slag i Norge. Nordfjord Folkemuseum eig Holvikjekta, og tysdag sende kultursjef i Gloppen, Jan Kjetil Øygard søknad om 19 millionar frå Staten til formidlingsbygg for Holvikejekta.

Holvikjekta
Foto: Jan Nik. Hansen / © Fylkesarkivet