-Eg var heilt sjokkert, seier ei fortvila mor Mariann Njøsen Hilding, som meiner arrangementet på Førde hotell var heilt på grensa.
Topp 20 stjerner
Det var TV-stjernene Vegard og Jostein frå Topp 20 som var det store trekkplasteret på ungdomsdiskoteket på Nxt førre fredag. Ungdom frå 14 til 18 år hadde tilgang til arrangementet som opna klokka ni, og ikkje stengte før klokka to om natta. Men tenåringsidola frå Topp 20 kom ikkje på scena før over midnatt. Då hadde son til Hilding og fleire andre allereie måtte trekke heimover, utan å få med seg det dei hadde betalt 150 kroner for å sjå. Hilding reagerte også på at det blei servert alkohol på naborommet til det rusfrie arrangementet
Tilbakeviser kritikk
Dagleg leiar på Nxt Jan Erik Sunde tilbakeviser kritikken. Han forklarar den seine sceneframføringa med praktiske problem, og meiner slike arrangement er eit godt og rusfritt alternativ for ungdom. Men Mariann Njøsen Hilding meiner leiinga på Førde Hotell i framtida må tenke på kven dei arrangerer konsertar for. -Dei bør tenkje meir på dei som er 14, enn dei som er 18, seier ho.