Hopp til innhold

Får ikkje kontakt med resten av dei kommunetilsette

– Eg vil ha full oversikt over kva som har skjedd og kvifor ting har blitt som dei har. Rådmannen i Hyllestad, Bente Nesse, får ikkje kontakt med dei andre kommunetilsette etter at alle telefonlinjene er ute av drift.

Bente Nesse

HAR VARSLA: Rådmannen i Hyllestad sit i Sogndal. Ho får ikkje kontakt med nokon i heimkommunen. Ho er svært kritisk til Telenor.

Foto: privat

– Sidan klokka 0615 i dag har eg ikkje hatt kontakt med nokon i kommunen. Då snakka eg med helse- og omsorgssjefen. Men etter det har eg ikkje fått kontakt med nokon.

Rådmannen i Hyllestad får NRK kontakt med fordi ho tilfeldigvis ikkje er i Hyllestad, men i Sogndal. I heimkommunen er alle mobillinjer nede etter at eit sambandsknutepunkt er ute av drift i Gulen, noko som har råka 29 basestasjonar.

Fekk tidleg varsel

Kommunen har eit system der Bergen overvakar telefonsystemet der dei får melding på telefonen når både fasttelefon og mobilsambandet er utan dekning.

– Så vi vart tidleg klar over dette, og fekk sett i gang kriseplanane og varsla. Så vi har fått i gang satellitt-telefonane våre.

Så de får tak i hjelp viss de treng de t?

– I den grad satellittelefonane fungerer så skal vi ha den nødvendige kontakten i forhold til beredskap.

Nesse seier kommunen har rutinar for å sjekke at satellittelefonane verkar.

Vil ha full gjennomgang

Ho har tett kontakt med Alarmsentralen og Fylkesberedskapssjefen, og tidlegare i dag hadde ho kontakt med Plan- og utviklingssjefen. Men det går ikkje lenger.

– Eg hadde kontakt med han i høve til varsling. Men då var han i ein nabokommune. Så etter han kom på jobb så får eg ikkje fått kontakt med han, verken på fasttelefon eller mobiltelefon.

Ho er kritisk til at Telenor slit med dekninga.

– I forhold til beredskap er dette veldig betenkeleg. Og her bør ein evaluere og gå gjennom for å sjå på kva ein kan gjere i forhold til dette. Eg vil ha ei oversikt over kva som har skjedd og kvifor ting har blitt som dei har blitt.

Nesse har tett kontakt med fylkesberedskapssjefen og Alarmsentralen dersom noko skulle skje.