Hopp til innhold

Kritisk til streng asylpolitikk - vil ta imot fleire

Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad (Sp) er kritisk til den strenge asyl- og flyktningpolitikken i Noreg. – I ein verdssituasjonen med flyktningkrise i Syria og mange andre land, må Noreg ta imot langt fleire, meiner Gloppestad.

Faisal Mohamed Hilowle og Leidulf Glooestad

VIL TA I MOT FLEIRE: Ordføraren i Gloppen, Leidulf Gloppestad (Sp), meiner kommunane kan ta i mot langt fleire flyktningar.

Foto: Bård Siem / Nrk

– På verdsbasis er det behov for å ta i mot flyktningar. Vi har eit ansvar. Vi har kommunar som har svært gode mottaksapparat, og som gjer dette på ein skikkeleg god måte. At vi ikkje utnyttar det potensialet på ein skikkeleg måte for å hjelpe folk i naud, det tykkjer eg er trist, seier Gloppestad.

Medan det i 2015, 2016 og 2017 vart busett gjennomsnittleg 15.000 flyktningar i året, vart det i fjor busett berre 6000 flyktningar ute i kommunane. I år ligg det an til den same talet. Gloppestad meiner vi må hjelpe langt fleire menneske og at det vil vere positivt også for Noreg. Spesielt innan omsorgsyrka trengst det langt fleire varme hender, seier han.

– Innvandrarane og flyktningane som vi har her er svært motiverte. For dei gir det skikkeleg status å ha eit fagbrev, seier Gloppestad

Tar fagbrev

Til hausten skal 22 år gamle Faisal Mohamed Hilowle frå Somalia ta til på helsefaglina på Firda vidaregåande skule på Sandane. Han gler seg til å jobbe i det norske helsevesenet.

– Eg skal gå på helsefag og har lyst å verte tannlegesekretær, smiler han.

– Kva tykkjer du om at Noreg no skal ta i mot færre flyktningar?

– Det er forferdeleg. I Noreg manglar det mange som kan verte sjukepleiarar, seier Hilowle.

På Sandane kan dei tilby utdanning til tannhelsesekretær og helsefagarbeidar for minoritetsspråklege.

– Vi ser at dei flyktningane som vi har i dag bidreg positivt inn i kommunane, ikkje berre økonomisk, for dette er ressurspersonar som både næringslivet og andre har nytte av i regionen, seier Gloppestad.

Faisal Mohamed Hilowle og Leidulf Gloppestad

TAR UTDANNING: Faisal Mohamed Hilowle frå Somalia byrjar til hausten på helsefaglina i Gloppen. Det tykkjer ordførar Leidulf Gloppestad er bra.

Foto: Bård Siem / NRK

Egoisme

Frank Willy Djuvik, gruppeleiar for Frp i fylket, er oppgitt over utsegnene frå Gloppestad.

– Han tar ikkje inn over seg kor krevjande det er å ta seg av dei flyktningane som no kjem til landet.

Han peikar på at mange av dei som kjem frå flyktningleirane har store helseproblem, mange har i tillegg store psykiske problem etter det dei har opplevd og difor er vanskelege å integrere.

– Det å då skulle ta i mot fleire når ein allereie har store problem innanfor integrering, det er ein relativt egoistisk tankegang frå ordføraren i Gloppen tenker eg, seier Djuvik.

Gloppestad er på si side opprørt over skuldingane om egoisme.

- At det skal vere egoistisk å ville hjelpe folk som er på flukt frå krigsherja land og tilhøve som vi knapt kan førestille oss og treng hjelp, at det er egoistisk, det får stå for Frp si eiga rekning, seier Gloppestad.