Hopp til innhold

Kritisk til satsinga på barnehage - meiner politikarane må få opp farta

Det er stor mangel på barnehagelærarar i Norge, likevel har regjeringa utsett krava til bemanning i barnehagane til 2020. Utdanningsleiar meiner politikarane må få fart på seg, og handle no.

Barn i barnehage illustrasjon

MANGE TIMAR: Stadig fleire av ungane som går i barnehagen er der heile veka. Utdanningsleiar meiner regjeringa må få fart på krava om bemanning i norske barnehagar.

Foto: colourbox.com

– Barnehagane våre treng fleire pedagogar og dei treng fleire tilsette, seier Aud Marie Stundal.

Ho er instituttleiar for barnehagelærarutdanning på Høgskulen i Sogn og Fjordane og meiner politikarane ikkje har gjort nok for å betre situasjonen.

Etterlyser meir handling frå politikarane

Aud Stundal

AMBISJONAR: Aud Stundal skulle ønske regjeringa var meir ambisiøse når det gjeld krav om bemanning i barnehagane.

For i dag manglar det over 4000 med barnehagelærarutdanning i Norge. Då den raudgrøne regjeringa innførte full barnehagedekning i 2013, utsette dei samtidig krava til bemanning i barnehagar heilt til 2020. Målet er å ha ein vaksen for kvart tredje av dei minste barna, og ein vaksen per seks større barn.

Stundal legg ikkje skjul på at ho meiner politikarane på Stortinget må få ut fingeren. Ho seier det er behov for fleire faglærte i barnehagane no med det same, å vente til 2020 er for lenge.

– Ei regjering må ha eit meir offensivt mål, seier ho og held fram:

– Dette handlar om kva signal vi gir til ungdomen. Om vi vil at ungdomen skal velje barnehagelærarutdanninga kan vi ikkje gje signal om at det skal kome ei bemanningsnorm først i 2020, seier ho oppgitt.

Det er heller ikkje sett i verk konkrete tiltak for korleis ein skal få fleire med pedagogisk utdanning til barnehagane.

Ni av ti born har full plass

Sist veke fortalde NRK at ni av ti born i Norge er meir enn førti timar i barnehagen kvar veke. Frå 2009 til 2012 har talet born som har heiltidsplass gått opp frå 83 til 90 prosent, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Dette viser kor viktig det er å få inn fleire med god utdanning, seier Stundal.

– Det seier seg sjølv at i den augneblinken du får fleire ungar i barnehagen og dei er der lenger, og du ikkje har ei statleg bemanningsnorm, så vil presset bli større og arbeidskvardagen endå meir hektisk, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Barnehage illustrasjon
Foto: colourbox

– Eit steig i rett retning

Ei av fanesakene til Sosialistisk Venstreparti då dei sat i regjering var nettopp full barnehagedekning. Samtidig var dei også med å utsette krava til bemanning til 2020.

Torgeir Knag Fylkesnes

FULL DEKNING: Torgeir Knag Fylkesnes og SV hadde som ei av sine fanesaker å få på plass full barnehagedekning.

Foto: Presse

Torgeir Knag Fylkesnes, utdanningspolitisk talsmann i SV, seier krava vart sett til 2020 fordi det har vore ei enorm barnehageutbygging dei siste åra.

– Når vi får mange fleire tusen barnehageplassar og ei slik enorm utbygging vil det vere vanskeleg å halde tritt med rekrutteringa, men også gjennomføringa av utdanninga som rettar seg mot barnehagane, seier Knag Fylkesnes til NRK.no.

Han påpeikar at rekrutteringa av barnehagelærarar ikkje har gått ned, sjølv om det har blitt langt fleire barnehagar i Norge.

Sjølv om SV ønskte at 50 prosent av dei tilsette skal vere fagutdanna, fekk dei ikkje gjennomslag for dette i den raudgrøne regjeringa.

– Vi fekk gjennomslag for fleire vaksne per barn, så det var iallfall eit steg i rett retning, seier SV-politikaren.

No vil han følgje nøye med på kva den blå regjeringa vil gjere.

– Eg er veldig spent på kva ambisjonsnivå dei har for barnehagane. Til no har dei vist eit lågare ambisjonsnivå enn den raudgrøne regjeringa hadde, seier Knag Fylkesnes.

Håpar å nå målet lenge før

Birgitte Jordahl

VIL TA TAK: Birgitte Jordahl i Kunnskapsdepartementet seier dei jobbar med å få på plass fleire vaksne i barnehagane.

Foto: Pressefoto

Også dagens regjering har sagt at kravet til bemanning i barnehagane skal setjast til 2020. Birgitte Jordahl, statssekretær for Høgre i Kunnskapsdepartementet seier det er feil at dei ikkje har noko ambisjonsnivå.

Dei har nemleg mål om å nå målet lenge før.

– Vi har eit mål om å nå dette lenge før den tid. Difor må vi gå gjennom alle dei tiltaka vi har sett i gang og sjå på effekten av dei, for så å justere dei undervegs, seier ho.

Vil gjere yrket meir attraktivt

Jordahl seier den blå regjeringa kjem til å køyre fleire kampanjar for å rekruttere folk til barnehagelærarutdanningane. Eit område dei satsar mykje på, er etterutdanning av dei som allereie jobbar i barnehagen.

– Eg vil tru det kan gjere det å jobbe i barnehage meir attraktivt, seier ho.

Aud Marie Stundal, instituttleiar for barnehagelærarutdanning på Høgskulen i Sogn og Fjordane, meiner det viktigaste er å gi yrket høgare status.

– Det viktigaste er å gi tydelege signal slik at det blir snakka positivt om barnehageyrket, seier ho.