NRK Meny
Normal

Professor kritisk til rekneskapsføringa

– Fjord1 har budsjettert med inntekter som er veldig usikre, seier professor Gisle Solvoll.

Fjord1

URO: Turbulensen rundt Norges største ferjeselskap, Fjord1, der Sogn og Fjordane Fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane og sunnmøringen Per Sævik eig resten, har vore stor dei siste par vekene.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Gisle Solvoll

TYKKJER DET ER BRA: Professor Gisle Solvoll seier det er bra det blir reagert på det som for han ikkje verkar som god rekneskapspraksis.

Foto: Barbro Andersen / NRK

Medlem i Fjord1-styret gjekk av i protest mykje fordi han meiner årsresultat for 2013 var oppblåst. Gisle Solvoll har arbeidd mykje med økonomien til store transportkonsern. Han tykkjer det er bra det blir stilt spørsmål ved rekneskapsføringa.

– Det er bra at det blir reagert, for dette verkar ikkje som god rekneskapspraksis, seier han.

Tykkjer det er rar praksis

Styremedlem i Fjord1, Lars Pamer, trekte seg nyleg i protest. Ein av grunnane var usemje om det offisielle årsresultatet på pluss 24 millionar. Eit minusresultat på 107 millionar er meir korrekt, hevda Pamer. Han viste mellom anna til at Fjord1 har lagt inn urealistisk høge inntekter for rabattkompensasjonar frå staten, noko professor Solvoll støttar han i.

– Det verkar som ein rar rekneskapspraksis, seier han.

I ei liknande sak som har gått for Stavanger tingrett har ferjeselskapet Norled tapt rettssaka mot staten når det gjeld krav om rabattkompensasjon. Blir dommen rettskraftig, vil han også få følgjer for Fjord1.

– Dei visste at det skulle komme ei rettssak og utfallet av den rettssaka har på ingen måte vore gitt på førehand, så dette er svært usikre inntekter, seier Solvoll.

Fjord1: Vi ha hatt svært grundig gjennomgang

I ein epost NRK har fått tilgang til hevdar Pamer at Fjord1 si feilbudsjettering i samband med rabattkompensasjonar kan utgjere opp mot 150 millionar kroner.

Fungerande administrerande direktør i Fjord1, Stig Kristoffersen, poengterer at Fjord1 har budsjettert midlar frå rabattkompensasjonar ut frå beste skjønn.

– Konklusjonen ved ein svært grundig gjennomgang, både av oss og kontrollert av revisor, tilseier at resultatet vårt for 2013 på 24 millionar kroner i overskot, er heilt korrekt slik det framstår i rekneskapen.

– Så her er det ikkje snakk om manipulering av rekneskap?

– Nei, det gjer vi sjølvsagt ikkje. Vi fører rekneskap etter det normale forsiktigheitsprinsippet som gjeld innanfor lovverket, seier Kristoffersen.

Kan tape millionar

Professor Gisle Solvoll seier Fjord1 kan tape store summar dersom dommen i Stavanger tingrett blir rettskraftig.

– Det er snakk om fleire titals millionar når ein ser det over fleire år.

Turbulensen rundt Norges største ferjeselskap, Fjord1, der Sogn og Fjordane Fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane og sunnmøringen Per Sævik eig resten, har vore stor dei siste par vekene.

Fleire har trekt seg

Dette etter at det vart kjend at styremedlemmene Eva von Hirsch, som representerte fylkeskommunen, og Lars Pamer, som sat i styret på vegner av Per Sævik, har trekt seg i protest. Begge har uttrykt sterk misnøye mot styreleiar Reidar Sandal, og har i epostar NRK har fått tilgang til, hevda han har ein altfor autoritær leiarstil.

Også to andre styremedlemmer har uttrykt misnøye mot styreleiaren i epostar NRK har fått tilgang til. I ein av epostane blir det mellom anna påstått er Fjord 1 er i djup krise. Styreleiar i Fjord1, Reidar Sandal, har på si side avvist alle skuldingane.

– Eg meiner det er ein grunnlaus påstand. Fjord1 er ikkje i djup krise, seier han.

Glad for signal frå Finanstilsynet

Sist fredag kom det fram at Finanstilsynet vurderer å sjå på saka, med bakgrunn i påstandane frå mellom andre Lars Pamer. Direktør Anne Merete Bellamy i Finanstilsynet sa då at dei vurderer å følgje opp revisorselskapet.

Professor Solvoll er glad for signala frå Finanstilsynet om det dei vurderer å sjå på saka.

– Det er snakk om store beløp og då er det kanskje rett og rimeleg at vi får eit overordna organ til å sjå på det som er gjort i desse reiarlaga, spesielt i selskap som er offentleg eigde som Fjord1.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

HAR TILLIT: Fylkesordførar Aashild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet seier ho har full tillit til styret og styreleiaren i Fjord1.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I dag har fylkesutvalet Fjord1-saka på sakskartet. Her vil Reidar Sandal si rolle som styreleiar bli diskutert. Det som uansett vil skje er at fylkesutvalet må finne ein erstattar av Eva von Hirsch i Fjord1-styret. Fylkesordførar Aashild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet har tidlegare uttalt følgjande om ho framleis har tillit til partifellen og den tidlegare statsråden Reidar Sandal som leiar for styret i Fjord1.

– Eg har full tillit til styreleiar og det styret som sit der, seier ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser