Hopp til innhold

Kritisk til regjeringa sitt eksportkutt

Fiskeriministeren vil ha kutt i marknadsføringa for norsk sjømat. Coast Seafood i Måløy meiner det er totalt feil.

Laks

USEMJE OM AVGIFT: Fiskeriministeren vil kutte marknadsføringa av norsk sjømat. Det er ikkje alle einige i.

Foto: Christensen, Marte / NTB scanpix

Det er gode tider i fiskerinæringa. Så gode at Sjømatrådet som hentar inntektene sine av eksportavgift på dei nær 70 milliardar kronene Norge eksporterte for i fjor, no bugnar over av pengar.

Pengane går til fellesmarknadsføring av norsk fisk og sjømat i utlandet. No meiner fiskeriminister Elisabeth Aspaker frå Høgre at ein kan kutte i avgifta.

Elisabeth Aspaker på fylkesårsmøte i S. Fj.

VURDERER KUTT: Regjeringa vurderer å kutte i fellesmarknadsføringa for norsk fisk og la dei store aktørane gjere jobben sjølve.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Lakseprisane har auka enormt, det har gjort at avgifta har brakt inn mykje meir midlar over kort tid til Sjømatrådet, seier Aspaker.

Det er fyrst og fremst dei store oppdrettselskapa fiskeriministeren har lånt øyre til. Dei vil gjere meir av marknadsføringa på eiga hand. Framlegget er ute på høyring.

Eg vil seie at fellesmarknadsføringa uansett vil vere på eit høgt nivå framover, seier Aspaker.

Får kritikk av Måløy-selskap

Administrerande direktør i Coast Seafood, Sverre Søraa, eksporterte for 3 av dei 70 milliardane som sjømatnæringa selde for i fjor. Han er ikkje imponert over framlegget frå regjeringa.

Sverre Søraa

KRITISK: Sverre Søraa i Coast Seafood meiner det er tull å kutte i marknadsføringa av norsk fisk.

Foto: Thomas Bickhardt

Coast Seafood sel fisken for fleire av dei små og mellomstore oppdrettarane langs kysten.

– Eg er redd det mangfaldet vi har i oppdrettsnæringa kan forsvinne. Vi treng ei blanding av store og små aktørar om næringa skal vekse.

Søraa er ikkje samd i at det er feil å la Sjømatrådet bli ein pengebinge.

Når vi samanliknar oss med andre internasjonale varemerke og ser kva dei brukar på varemerka sine, så finn vi frå 5 til 13 prosent av omsetninga. I den målestokken brukar sjømatnæringa 0,75 prosent i ei eksportavgift. Det høyrest ikkje ut som vi brukar for mykje pengar.

Ministeren vil snu om det blir tøft

Aspaker ventar på høyringsinnspela. Om gullalderen tek slutt, kan det gi Sjømatrådet mindre inntekter. Det uroar ikkje statsråden.

Mykje tyder på at lakseprisen har lagt seg på eit stabilt høgare nivå, men denne avgifta kan vi endre på om det er behov for det.

Men Søraa meiner dette er bakvendt tenking

– Når vi tener pengar, og næringa går godt, skal vi då kutte i marknadsføringa, men når vi seinare taper pengar så skal vi auke utgiftsposten? Eit betre framlegg er å setje av og spare pengar til framtidig marknadsføring.