Statsadvokaten har tolka forklaringane, og har uttalt seg om innhaldet i avhøyr som har skjedd utan advokathjelp, seier advokat Per Kjetil Stautland.
Petter Nordeng
Førstestatsadvokat i Økokrim, Petter Nordeng, sa i går at dagleg leiar for OK-Fish Kvalheim vedgjekk at han hadde drive momssvindel sidan 1995. Seinare på kvelden møtte advokatane Reidar Blom og Per Kjetil Stautland den svindel-sikta. Og etter eit to timar langt møte vil Stautland vil ikkje uttale seg om klienten hans har vedgått momssvindel.
Spørsmålet om varetektsfengsling vil bli avgjort i dag. I følgje Stautland gjekk den sikta først med på fengsling i fire veker, men dette vart sett ned til to veker etter råd frå forsvararane.