Kritisk til ny nyttårsfeiring i Flora og Bremanger

Rasande dyreeigarar tok til kommentarfelta på sosiale medium, då det blei kjent i Firdaposten at brannvesenet ville la folk i Bremanger og Flora skyte opp fyrverkeri i helga.

Dyrlege Hanne Husebø Kristensen undersøkjer ein katt.

IKKJE BEGEISTRA FOR MEIR FYRVERKERI: Hanne Husebø Kristensen er dyrlege i Flora.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Både som hundeeigar og dyrlege var min første reaksjon fortviling, seier Hanne Husebø Kristensen i Florø, då nyheita om nok ein runde med smell og fargar på himmelen blei kjent.

Årsaka til det ekstraordinære fyrverkeriløyvet er stormen nyttårsaftan som førte til at folk ikkje fekk fyrt av fyrverkeriet sitt i blant anna Florø og Bremanger. Men det er synd å seie at alle var like glade for å lese i Firdaposten at brannvesenet ville gi folk nok ein sjanse til å skyte opp fyrverkeri.

– Nå det smell er det ei kjempebelastning for alle som har dyr som er redde for fyrverkeri. Vi kan akseptere ein gong i året, men ein runde to, det kjendest tungt, seier Kristensen.

Mange førespurnader

Første arbeidsdag etter nyttår fekk brannvesenet mange førespurnader frå folk som ikkje hadde fått brukt fyrverkeriet sitt på grunn av den sterke vinden, og som ikkje ynskte å ha det liggande eit heilt år.

Robert Endestad

STRAMMAR INN: Robert Endestad er brannsjef i Flora og Bremanger.

Foto: Bård Siem / NRK

– Då tok vi ei avgjerd om å finne ein ny dato der folk kunne få skyte opp fyrverkeriet, og dermed og få det ut av heimen, seier brannsjef Robert Endestad.

I utgangspunktet vart det gitt løyve til fyrverkerioppskyting førstkomande laurdag mellom klokka 18 og 21. Men også brannsjefen har notert seg dei mange tilbakemeldingane frå urolege dyreeigarar.

– Eg skjønar frustrasjonen til hunde- og katteeigarane. Ein del dyr vert skremde, og det er ikkje bra. Vi har no bestemt oss for at det berre vert lov å skyte opp fyrverkeri i ein time mellom 19 og 20 på laurdag, og håpar det vil hjelpe, seier Endestad.

Mager trøyst

For dyrlege Hanne Husebø Kristensen er det ei trøyst, om enn litt mager, at det blir ein, og ikkje tre timar med fyrverkeri på himmelen.

Dyrlege Hanne Husebø Kristensen undersøkjer ein katt.

IKKJE BEGEISTRA FOR MEIR FYRVERKERI: Hanne Husebø Kristensen er dyrlege i Flora.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Eg tykkjer det er positivt at dei har tatt tilbakemeldingane på alvor og har korta ned på oppskytingstida, men det aller beste hadde vore om det ikkje vart fyrverkeri i det heile, seier Kristensen.

Til urolege dyreeigarar som kvir seg til helga har ho dette rådet:

– Luft hunden i god tid. Trekk for gardinene og finn den rolegaste plassen i huset. Set på TV eller høg musikk for å dempe inntrykka, og ver i lag med dyret ditt, seier Kristensen.