Hopp til innhold

Kritikk av krasse Kjelsnes

HERMANSVERK (NRK): Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) fekk kritikk for å vere for krass. Ho kontra med kvasse kommentarar.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane

DEBATT: Fylkesutvalet delte seg i sin ris og ros av fylkesordføraren.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Under fylkesutvalsmøte på Hermansverk i ettermiddag tok gruppeleiar Noralv Distad for Høgre ordet og kritiserte fylkesordføraren.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes

KRASS: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) meiner ho var i sin i rett å kritisere politireforma.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg synes det er uheldig at du har brukt formuleringar som at fylket blir utrygt, og at det blir svekka beredskap. Det skapar unødig frykt.

Han siktar til pressemeldinga fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) kom med etter at politireforma vart lagt fram søndag. Der fryktar ho eit mindre trygt Sogn og Fjordane, og at reforma vil slå særs negativt ut for fylket.

Det er ikkje fyrste gong Distad kritiserer fylkesordføraren. Det har skjedd fleire gonger.

Slo tilbake

Kjelsnes svarte Distad med indignasjon i røysta:

Av alle som skulle kome med slik kritikk, er eg mest overraska over at dette kjem frå deg! Du har sjølv som ordførar opplevd kriser, og kor viktig god beredskap er.

Ho siktar til hendingane med flaum og tunnelbrann i Aurland, heimkommunen til Distad.

Kjelsnes heldt fram:

– Eg varetek interessene til fylket. Eg snakkar på vegner av innbyggjarane. Det må eg ha rett til, seier ho.

Frank Willy Djuvik og Noralv Distad

KRITISKE: Frank Willy Djuvik (Frp) og Noralv Distad (H) meinte fylkesordføaren hadde vore for krass i kommentarane om politireforma.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ros og ris frå blå og raude

Frank Willy Djuvik (Frp) var einig med kritikken til Distad:

90 prosent av Stortinget står bak dette. Det er dårleg reklame for fylket vårt, når ein av våre fremste folkevalte seier det blir mindre trygt.

På den raudgrøne sida av bordet, derimot, sanka Kjelsnes støtte.

– Eg synes fylkesordføraren er i full rett til å åtvare om dette, sa fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp).

– Jobba dag og natt

– Fylkesordføraren har gjort ein usedvanleg god jobb i denne saka. Ho har jobba dag og natt. Ho har stått opp mot sentralmakta både i eige parti og resten av Storting og regjering. Ho er i sin fulle rett til å stå opp for innbyggjarane, sa partifelle Nils P. Støyva (Ap).

Trude Brosvik (Krf) stilte seg midt i mellom dei raudgrøne og dei blå.

– Eg vil verken rose eller kritisere overskrifta hennar. Det viktige er å kome på offensiven i denne saka.

Kjelsnes fekk sjølv siste ordet.

Eg tek med meg at de meiner eg er for krass. Men det må de leve med så lenge eg sit her, sa ho før ho klubba i bordet og avslutta debatten.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane

KOALISJON: Dei raudgrøne rosa fylkesordføraren. Dei blå kritiserte. F.v. Nils P. Støyva (Ap), Jenny Følling (Sp), Karen Marie Hjelmeseter (Sp), Noralv Distad (H) og Frank Willy Djuvik (Frp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK