NRK Meny
Normal

Kritisk til handelsparken: – Amerikansk byplanlegging

Fylkestinget går inn for utbygging av handelsparken på Brulandsvellane i Førde, men alle var ikkje like fornøgd med det.

Skisse over planane på Brulandsvellene i Førde

BRULANDSVELLANE: Slik kan det sjå ut på Brulandsvellane i Førde når det er ferdigbygd.

Foto: Asplan Viak, skisse

Bjørn Hollevik på Sunnfjord hotell

HØYRE: Bjørn Hollevik er glad for at folk i fylket får dei det treng innanfor grensene.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette betyr at folk i Sogn og Fjordane kan finne det dei treng i Sogn og Fjordane, meiner Bjørn Hollevik (H).

Fylkestinget sa ja til utbygging av ein handelspark på Brulandsvellane i Førde. Fylkesrådmannen, Fylkesmannen og Statens vegvesen har vore kritisk til framlegget til fylkestinget, men no er det avgjort at det likevel blir utbygging.

– Her er det eit betydeleg fleirtal som har gjort eit vedtak i bystyret i Førde, og så kom det forslag om at ein skulle oversjå det. Senterpartiet sa at ein burde verne heile bystyret i Førde mot seg sjølv og då kunne eg ikkje dy meg frå å seie at ein kanskje burde verne Senterpartiet frå seg sjølv i staden, seier Hollevik.

– Eit grønvaska miljøprosjekt

Stein Malkenes

MDG: Stein Malkenes er kritisk til handelsparken.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Stein Malkenes frå Miljøpartiet De Grønne er av motsett oppfatning av Hollevik, og var ein av dei som stemte imot ei utbygging av handelsparken.

Han uttalte blant anna at Førde vil forsterke sin posisjon som «Norges styggaste by» om ei bygger handelspark i staden for å utvikle bysentrum.

– Ein befestar inntrykket av Førde som handelsstad og handelssentrum ved å bruke matjord, og ese ut, slik ein gjer det i amerikansk byplanlegging. Auka bilisme, store avstandar og store parkeringsplassar, i staden for kompakte bysentrum der fleire kan tene til livets opphald gjennom mange butikkar, seier han.

Malkenes var spesielt skuffa for Venstre, som han meiner grønvaskar prosjektet.

– Det er det det heiter når du gjennomfører eit gale miljøprosjekt, men kallar det det likevel. Dei vil gjerne stå fram miljøvennleg, men då kan ein ikkje bygge ned den flottaste matjorda i fylket, meiner han.

Sterke tettstader

Alfred Bjørlo

VENSTRE: Alfred Bjørlo meiner ein må bygge sterke tettstader.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Venstre-politikar Alfred Bjørlo er ikkje einig i kritikken frå Malkesnes.

– MDG beskriv eit bilete der ein berre skal hoppe av utviklinga, men det vil føre til at det ikkje bur folk i dette fylket. Då er det ingen igjen til å drive landbruket og halde ved like næringslivet, seier han.

For Bjørlo og Venstre var det viktig å respektere det lokale folkestyret i Førde, og argumenterer for at arealet på handelsparken er halvert samanlikna med det som var tenkt.

– For Venstre er det viktig å bygge opp sterke, gode tettstader i fylket. I Førde, i Sogndal, Eid, Stryn og andre plassar og handel er ein del av det, konstaterer Bjørlo.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.