Hopp til innhold

Kritisk til Flora-underskot

Flora kommune hadde i fjor eit underskot på 13 millionar kroner.

Underskotet er rekordstort, og utløyset ein storm av kritikk mot administrasjonen då reknskapen skulle opp til godkjenning i bystyret i går, skriv Firda.

Underskotet var ikkje varsla, og fleire bystyrerepresentantar retta flengane kritikk mot rådmann Fredrik Gulbrandson.

Framstegspartiet krev no bokettersyn.