Hopp til innhold

Kritisk til fjerning av anestesi

- Å ta bort anestesilegen frå eit lokalsjukehus er det same som å legge det ned, det meiner president i legeforeningen Torunn Janbu.

Helseministeren og Helse Førde vil ikkje vidareføre anestesitilbodet i Nordfjord når fødeavdeling og ortopedi forsvinn i 2012.

Samstundes har regjeringa sagt den indremedisinske akuttberedskapen skal vere på same nivå som i dag.

Janbu meiner det ikkje heng saman, og er stikk i strid med alle faglege råd.

Kjersti Toppe (Sp) meiner Stortinget må få inn anestesi som eit minstekrav til lokalsjukehus i Nasjonal helseplan.