Regjeringspartia har no fått støtte av Venstre for sitt lovforslag.
– Dette vil føre til sentralisering, det vil føre til fusjonar og små kommunar kan miste sine e-verk, seier Liv Signe Navarsete
- Les også:
Ho er uroa over framlegget frå regjeringa til endringar i energilova. Opposisjonen meiner ei lovendring vil innebere store utfordringar for små kraftselskap.
– Dette er byråkratisk og heilt unødvendig.
Skilje
Målet med lovendringa er eit skilje i selskapa som driv nettverksemd. Sjefar i nettselskapet kan ikkje lenger organisere seg slik at dei også er sjefar for andre deler av verksemda.
- Les også:
– Kryssubsidiering handlar om at ein til dømes brukar inntekter frå kraftproduksjon til å betale for utbygging av nett eller omvendt. Det betyr at prisen ein betalar for kraft kan vere for høg, dersom ein eigentleg brukar den til å bygge ut nett, seier Navarsete.
Men Navarsete meiner dette eigentleg handlar om sentralisering.
- Le sogså:
– Det er ikkje slik kryssubsidiering, og regjeringa har heller ikkje på spørsmål greidd å legge fram noko prov på at dette skjer i dag. Dette blir berre brukt som argument for å få til det regjeringa ynskjer, nemleg ei storstila sentralisering, og samanslåing av energiverk. Det er ganske ille for mange mindre energiverk, seier Navarsete.
Skjult agenda
Også lokale kraftselskap i Sogn og Fjordane rettar skarp kritikk mot regjeringa, og
– Konsekvensane er at ein mister det lokale selskapet når ein må forhalde seg til større aktørar lenger vekke, seier Jan Træen som er energisjef i Stryn Energi.
Træen trur ikkje dette vil få den effekten regjeringa ynskjer.
– Eg tykker dette er unødvendig. Det kjem til å auke kostnadane og dermed også svekke konkurranseevna dersom vi ikkje klarar å redusere andre kostnader.
Han får støtte frå kollegaen i Sognekraft.
– Eg opplever dette som merkeleg og som ein skjult agenda for å få gjennomført ei strukturendring i energibransjen, seier administrerande direktør i Sognekraft, Terje Bakke Nævdal.
Han meiner at det kan bli dyrare for kraftkundane.
– Dette har lite samfunnsøkonomisk verdi, men vil gi kostnadar som gir grunnlag for å auke nettleiga, seier Bakke Nævdal.
Stortinget
I Senterpartiet varslar Navarsete at ho tar opp kampen i Stortinget.
– No blir debatt i Stortingssalen. Det er knappast mogleg fleirtal, for det er berre Venstre som støttar framlegget frå regjeringa. Eg meiner Venstre no må forklare kvifor dei støttar eit framlegg som er så i strid med det som distriktskommunar, fagforeiningar og bransjen sjølv har sagt, seier Navarsete.