NRK Meny
Normal

Kritisk til endring av arbeidstid

Ordførar Jan Olav Gjerde i Hyllestad er kritisk til at hans eigen organisasjon, KS, vil endre arbeidstida til lærarane.

Jan Olav Gjerde

KRITISK: Jan Olav Gjerde som er ordførar i Hyllestad er kritisk til KS sitt krav om å endre arbeidstidsavtalen til lærarane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

KS vil at lærarane skal fordele arbeidstida si over fleire veker enn i dag, dersom kommunane ønskjer det. Forslaget har ført til kraftige protestar blant lærarane og Utdanningsforbundet fryktar forslaget vil føre til ein dårlegare skule.

I Hyllestad ser ordføraren ingen grunn til å endre dagens ordning.

– Eg opplever at vi har ei arbeidstidsordning som fungerer godt. Då ser eg ingen grunn til å endre det ut frå eit prinsipp, sjølv om prinsippet er aldri så godt, seier Gjerde.

Står steilt mot kvarandre

KS og lærarane står steilt mot kvarandre når dei no diskuterer den nye arbeidstidsavtalen.

KS vil at lærarane skal jobbe 45 veker i staden for dagens 39 veker, men ha same tal arbeidstimar. Det betyr nedkorting av oppstart ferie og avspasering, noko lærarorganisasjonane med støtte frå LO og Unio har nekta godta.

Utdanningsforbundet fryktar forslaget frå KS vil føre til ein dårlegare skule ved at det blir opna for at kommunane kan kutte i skulebudsjetta, og at lærarane får mindre tid til førebuing og etterarbeid.

KS har på si side avvist at dei føreslår endringar i arbeidstida for å spare pengar.

Har diskutert saka med alle kommunane

Jenny Følling

KS: Jenny Følling er fylkesleiar i KS i Sogn og Fjordane.

Foto: Alf Vidar Snæland

I Sogn og Fjordane har saka vore opp til diskusjon på fylkesmøtet som er KS sitt formelle organ. Det fortel fylkesleiar i KS, Jenny Følling.

På dette møtet var det delegatar frå alle kommunane i fylket.

Ifølgje Følling ville fleirtalet gå vidare med forhandlingane og prøve å komme fram til eit kompromiss.

– Vi har prøvd gjere dette i tråd med det fylkesmøtet har bede om, seier ho.

– Har ikkje full støtte

Men det blir feil å seie at dette forslaget har brei støtte i kommunane, meiner ordførar Jan Olav Gjerde i Hyllestad.

– Denne problemstillinga har aldri vore politisk drøfta i min kommune, og eg trur kanskje det gjeld for dei andre kommunane også.

– Eg er litt overraska over at KS går ut og seier dei har full støtte i kommunane. Det trur eg ikkje dei har dekning for å seie, seier Gjerde.

Frida Melvær

VIL TA DET OPP: Ordførar i Askvoll, Frida Melvær, vil snarast ta saka opp med formannskapet.

– Eg trur alle ordførarane er innstilte på å finne gode løysingar som kan gje ein god skule, seier Følling.

Har ikkje diskutert saka politisk

Ei ringerunde gjort av NRK til fleire av ordførarane i Sogn og Fjordane viser at dei fleste er samde med KS sitt krav. Men ingen av dei har teke saka opp politisk i sin kommune.

– Der har nok Askvoll, som mange andre, svikta, vedgår Frida Melvær, ordførar i Askvoll.

Ho vil ta saka opp med formannskapet i kommunen så snart som mogleg. Den tidlegare læraren er uansett samd med KS, om at kommunane bør få kontroll på korleis arbeidstida til lærarane skal vere.

– Det ligg eit veldig stort lokalt handlingsrom til å tilpasse organiseringa. Dette må samtidig byggje på gjensidig tillit der vi har felles mål, seier ho.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser