Hopp til innhold

Mann (76) kritisk skadd etter utforkøyring

Mannen som vart send med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus etter ei utforkøyring ved Haugen i Eid kommune er kritisk skadd.

Full utrykking til bilulukke på Eid
Foto: Øystein Torheim

Politiet fekk melding om ulykka ved 13.30-tida, og alle naudetatane rykte ut.

Ulykka skjedde på ein privat veg på Haugen.

– Det var ein person i bilen, og det har ikkje vore ande bilar involvert, sa operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved politiet sin operasjonssentral i Sogn og Fjordane til NRK tidlegare.

Årsaka til ulykka er framleis ukjend.