Hopp til innhold

Kritisk skadd etter fallulykke

Ein mann ligg kritisk skadd på Haukeland universitetssjukehus onsdag kveld etter ei fallulykke.

Fallulykke i Sogndal
Foto: Arve Uglum (MMS-foto) / NRK

Mannen er til behandling i Bergen, og Kari Nytun, kommunikasjonsrådgjevar i Helse Bergen, stadfestar at tilstanden er kritisk for han.

– Vi fekk melding om uhellet frå AMK klokka 12.02. Ein person er skadd i ei fallulykke i Sogndal sentrum, seier vakthavande ved politiets operasjonssentral i Florø.

Ifølgje firda.no har ein mann i 60-åra falle om lag fem meter, og han er alvorleg skadd etter hendinga.

Mannen vart i ettermiddag sendt til Haukeland universitetssjukehus i Bergen.