Hopp til innhold

Kritisk for skadd 53-åring

53-åringen som vart frakta til Haukeland med hovudskadar etter han køyrde i eit tre ved E39 i Jølster, er framleis kritisk skadd.

Sjåføren av personbilen som køyrde inn i eit tre på E39 i Årdalen i Jølster vart frakta til sjukehus med hovudskader.

KØYRDE I EIT TRE: Ein 53 år gamal mann frå Polen vart frakta til Haukeland med alvorlege hovudskadar etter krasjen med treet. Foto/redigering: Oddleif Løset

Det opplyser Haukeland universitetssjukehus i ei pressemelding i dag.

Ulukka skjedde rundt klokka 10 søndag morgon i Årdalen i Jølster. Bilen, med to personar i, kom frå nord. Det var vitne som varsla om at han hadde køyrd i eit tre.

Sjåføren, den 53 år gamle mannen frå Polen, vart send til Haukeland, og er kritisk skadd.

Passasjeren på 23 år, også han frå Polen, fekk berre lettare skader og vart send til Førde sentralsjukehus for behandling. Han er skriven ut frå sjukehuset.

Politiet opplyser at Jølster lensmannskontor tek over saka, og at 23-åringen vil bli avhøyrd for å finne ut kva som har skjedd.

Ulukkesgruppa til Statens vegvesen er varsla om ulukka.