Politiet fekk melding om ulukka klokka 20.08. Alt av tilgjengeleg mannskap frå brannvesen, Røde Kors og helse blei kalla ut.
Tilstanden var alvorleg og ustabil då han vart sendt til Haukeland med helikopter.
Klokka 0150 opplyste Haukeland universitetssjukehus at 34-åringen er kritisk skadd.
Fleire vitne til ulukka
Den skadde er frå Aurland. Kriseteamet i kommunen følgjer opp familien til mannen.
Det skal ha vore fleire vitne til ulukka og politiet starta allereie tysdag kveld avhøyr av desse. Det er førebels ukjent kor lenge mannen låg i elva, før han vart berga på land.
– Det er ein paraglidar som har styrta like ved Flåm kyrkje, fortalde augevitne til NRK.
Både redningshelikopter og luftambulansen blei kalla ut. Mannen var medvitslaus då han vart berga opp. Det vart utført hjarte- og lungeredning på staden.
– Vi hjelper helse og politi med ein Sea King i samband med redningsaksjonen, opplyser Hovudredningssentralen (HRS), til NRK.
Vurderte forbod
Ulukka er den tredje på Vestlandet på få dagar. Laurdag vart ein 40-åring alvorleg skadd då to menn landa i eit tre på Voss. I den same ulukka slapp ein 35-åring med lettare skader.
Om lag samstundes vart ein 48-åring alvorleg skadd då han fall mellom fem og åtte meter under landing på Unneland i Arna i Bergen.
Det er heller ikkje første gang at det skjer ei alvorleg luftsportsulukke i Aurland. Etter tre dødsulukker hausten 2013 vurderte ordførar Noralv Distad (H) forbod mot basehopping i Gudvangen.
- Les også: – Heilt feil å forby basehopping