Hopp til innhold

Kritiserte opera på radio, men så...

Marianne Furevikstrand har aldri vore i operaen, men er klar på at ho ikkje likar det. Då ho fortalde om dette på radio fekk det umiddelbare følgjer.

Marianne Furevikstrand om opera

KRITISERTE OPERA, MEN SÅ: Marianne Furevikstrand har ikkje særleg mykje til overs for opera. Då ho fortalde om det på radio fekk det konsekvensar.

Furevikstrand er medlem av NRK Sogn og Fjordane sitt fredagspanel, og i morgonsendinga i dag diskuterte ho saman med Henning Rivedal nokre av dei aktuelle sakene frå denne veka.

Og nettopp opera har vore ein del av mediebiletet i Sogn og Fjordane denne veka. I 1998 sette Kari Standal Pavelich liv i ideen om ein eigen opera på Nordfjordeid. I år feirar dei 15-årsjubileum med oppsetting av stykket Flaggermusen.

Operaskribenten Andrew Mellor er over seg av begeistring for det Opera Nordfjord har fått til, og meiner andre operakompani bør sjå til Nordfjordeid.

– Det er eit superb skodespel og det er ingen andre ensemble i verda som Opera Nordfjord som har både profesjonelle og amatørar med, sa han til NRK.no tidlegare i veka.

Då NRK diskuterte suksessen til Opera Nordfjord i sitt fredagspanel, kom det fram at Furevikstrand var svært begeistra for skrytet, men ikkje for opera i seg sjølv.

– Same kva sjanger det er, så elskar eg skryt av Sogn og Fjordane. Men ærleg talt, eg likar godt det dei får til, og at folk er flinke, men opera er ikkje mi greie, seier Furevikstrand.

(Artikkelen held fram under)

Opera Nordfjord ser ut til å ha stor suksess med den nye oppsettinga av Flaggermusen. 
Operascena på Eid er også rekrutteringsarena for Den Norske Opera.

– Bortkasta pengar?

Samtidig måtte ho vedgå at ho aldri hadde vore på ei operaframsyning.

– Men burde ikkje du prøve?

– Eg er litt redd for at det er bortkaste pengar, seier Furevikstrand.

Sendinga gjekk vidare med ei nyheitsoppdatering, og vidare til ei oppsummering av sendinga. Og det var då NRK-programleiar Erlend Blaalid Oldeide kom springande med ein lapp i handa.

Fekk fleire tilbod om billettar

– Vi har fått ein telefon frå ordføraren i Eid, han tilbyr gratis operabillettar til Marianne, slik at ho kan bli kjent med operasen, seier Oldeide.

– Det er jo heilt fantastisk. Eg er nedlessa i arbeid i helga, det er heilt sant altså..., svarte Furevikstrand.

– Men komande veke står det her?

– Komande veke, oioioi, svara Furevikstrand og lo før ho sa at ho tok utfordringa.

– Eg må jo nesten det. Det er heilt fantastisk. Eg må seie tusen takk, eg vart litt overvelda, og veit ikkje om eg torer dette etter det dårlege eg har sagt om opera, seier Furevikstrand.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo har allereie teke kontakt med NRK for å sikre at Furevikstrand skal få teke turen på operaen neste veke. Også operasjef ved Opera Nordfjord, Kari Standal Pavelich, har teke kontakt med NRK og vil tilby Furevikstrand billettar til ei av deira framsyningar.