Hopp til innhold

– Telenor oppgraderer der det er god dekning – men her sit vi att som taparar

FØRDE (NRK): Medan den første 5G-utbygginga på Vestlandet er i gang, må innbyggjarane i Angedalen ofte ut på verandaen for å snakke i telefonen.

Rune Ness med mobiltelefonen utanfor huset i Angedalen

USTABILT: Rune Ness og dei andre innbyggjarane i Angedalen opplever mobildekninga som ustabil.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– No har eg éin strek, så her er det akkurat nok til å kanskje føre ein samtale. Om ein er heldig klarer ein det utan brot i nokre minutt.

Rune Ness ser på dekninga på mobiltelefonen sin i Angedalen, fem minutt utanfor sentrum av Førde. Ness, og fleire innbyggjarar i Angedalen, opplever mobildekninga som ustabil.

– Om nokon ringjer meg no kan dei få beskjed om at telefonen er slått av, sjølv om han er på, seier han.

– Det er elendig

Ness fortel at dei ofte må gå bort til vindauget eller ut på verandaen for å snakke i telefonen.

Dekning på berre éin strek på iPhonen

ÉIN STREK: Dekninga på mobiltelefonen til Rune Ness i Angedalen er ofte dårleg.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Kva synest du om at det er slik?

– Det er elendig. Telenor skryt av grøne merker på alle dekningskarta sine her i området, medan realiteten er at det stort sett er ustabilt og ikkje fungerer.

Tysdag omtala NRK Telenor sitt pilotprosjekt med det nye mobilnettet 5G i Flokeneset i Askvoll. Ness synest det er bra at Telenor byggjer ut og oppgraderer nettet.

– Det vi ikkje synest er bra er at dei oppgraderer dei stadane som faktisk har god dekning i utgangspunktet. Bygdene sit att som taparar.

Telenor forstår frustrasjonen

Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor forstår frustrasjonen til Ness. Han seier at dette er eit dilemma som dukkar opp kvar gong det kjem ny teknologi.

– Vi er nøydde til å gå vidare og bygge ut ny teknologi. Samtidig må vi finne løysingar for dei som blir ståande igjen, slik at dei også kjem seg på nett.

– Er det forståeleg at folk synest dette er urettferdig?

– Telenor har ei dekning på rundt 99,9 prosent av befolkninga. Om du er ein av dei som hamnar utanfor forstår eg godt at du føler at du ikkje heng heilt med i den teknologiske verda. Difor er eg meir enn villig til å møte ordføraren i Førde for å diskutere dette.

– På sin plass å finne ei løysing

Amundsen fortel at dei diskuterte løysingar for dekninga i Angedalen med kommunen i 2015, utan å bli einige. No skal også fastnettet i Angedalen moderniserast, og Amundsen meiner det då er på sin plass å få ei løysing også på mobildekninga.

– Så er topografien i Noreg slik at vi bur mange stadar med dårleg infrastruktur. Dette er ein av stadane der signala ikkje kjem fram utifrå der basestasjonane er plasserte i dag.

Dekningsdirektør

LØYSING: Terje Amundsen seier det er på sin plass å finne ei løysing på dekningsproblema i Angedalen.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

Ifølgje Amundsen prioriterer ikkje Telenor 5G framfor å sikre at alle skal ha god dekning.

– 5G vil vi bygge der kapasitetsproblema tilseier at vi må bygge opp ein ny teknologi. Eg skjønar veldig godt at dei som bur i Angedalen synest dekninga er dårleg, men det må vi sjå på med ei anna løysing, til dømes 4G.