Kritiserer kyrkja for å ville skyte hakkespett

– Det er litt for gale å byrje å skyte hakkespett. Det er mange fleire ting ein kan gjere før ein går så langt, seier biolog Erik Brenna.

Grønspett på Ålhus kyrkje.

FÅR FELLINGSLØYVE: Kyrkja i Jølster har fått fellingsløyve på inntil seks hakkespettar ved Ålhus kyrkje.

Foto: Per Christian Liseter

Biologen, og fleire med han, har engasjert seg etter at kyrkja i Jølster fekk løyve til å felle inntil seks hakkespettar ved Ålhus kyrkje .

Årsaka er at hakkespettane gjer stor skade på kyrkjebygget. I sommar vart den restaurert for 200 000 kroner .

– Eg forstår at dei ikkje har tid og moglegheit til å prøve alt, men det er framleis ting ein kan prøve ut, seier Erik Brenna.

Har skapt debatt

Nyleg sende han epost til både kyrkja, kommunen og fylkesmannen med ei klar oppmoding om å revurdere fellingsløyve. Der samanfatta han også ei rekkje framlegg som har kome fram i Facebook-gruppa til 1150 naturdebattantar.

På Jølster har ein prøvd ulike tiltak, utan å stogge hakkespetten frå å gjere skadar.

– Eg forstår at det kostar pengar, men det treng ikkje koste så frykteleg mykje pengar å setje ut ei falsk ugle eller hakkespett som kanskje skremmer vekk hakkespettane, seier Brenna.

Markerer revir

– Sjølv om dei skyt hakkespettane, så er ikkje det noko garanti i det heile for at det ikkje kjem nye, legg biologen til og fortel at hakkespettane gjerne bankar på ting som lagar mykje lyd for å markere revir.

Dei er også svært aktive på våren for å trekkje til segnar. Han oppmodar difor på det sterkaste om å setje ut falske hakkespettar, helst ein svartspett.

– Den er ganske stor og avskrekkande for andre hakkespettar, men må stå godt synleg på sjølve kyrkje. Då får andre hakkespettar inntrykk av at området er okkupert revir, seier han.

Vil gjennomføre felling

Kyrkjeverje Per Christian Liseter har forståing for reaksjonane, men seier dei allereie har prøvd ut fleire av framlegga. Mellom anna har dei sett opp falsk hakkespett og installert metallplater på tidlegare hol utan hell.

Fleire av dei andre, som å redusere resonansen i plankane og gi spettane lettare tilgang på mat enn det som finst i kyrkjeveggane, er tiltak kyrkjeverja ser lite lystent på. Han vil likevel ta med seg råda for å unngå nye hakkespettar i kyrkjetårnet.

Eg meiner at vi skal gjere oss nytte av det fellingsløyve vi har no, og så må vi få tiltak som skremmer eventuelle nye frå å etablere seg på denne bygningen.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.