Hopp til innhold

Kritiserer Firda for FMI-annonse

Det vekkjer sterke reaksjonar at Firda i går trykte ein annonse for Folkebevegelsen mot innvandring på framsida av avisa.

Norvall Nøringset.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Varaordførar i Førde, Norvall Nøringset, kritiserer Firda for å setje annonsen frå innvandringsmotstandarane på framsida.

Mot innvandring

- Det at avisa vel å profilere slike organisasjonar på framsida, som er avisa sitt ansikt, det synest eg dei burde vere mykje meir kritiske til.

Annonse i Firda.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Annonsen stod på trykk på framsida av papirutgåva til Firda torsdag. Nederst i høgre hjørne er det ein blå rubrikkannonse som viser til FMI si heimeside og internettadresse. På heimesida står det at FMI er i mot innvandring og kjempar for ein einskapleg nasjonal stat med basis i vår norske og kristne kulturarv. FMI sitt verdisyn er omstridd, og dei har tidlegare blitt melde til politiet for rasisme.

Overraska over Firda

Henrik Lunde i antirasistisk senter har følgt organisasjonen i ei årrekkje. Han er svært overraska over at Firda trykte annonsen.

- Eg reagerer med overrasking, for dette er noko som eg trudde ingen aviser i Norge ville gjere. Eg har ikkje høyrt om dette på 20 år, så det er veldig spesielt.

Jan Atle Stang.
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Ytringsfridom

Redaktør i Firda, Jan Atle Stang, ser ingen problem med å trykke annonsen på framsida, og viser til at FMI er ein fullt lovleg organisasjon.

- FMI er ein heilt lovleg politisk organisasjon. Så bør ikkje dei kunne annonsere i ytringsfridomens namn på lik linje med andre politiske parti, sjølv om eg er fullstendig usamd i deira politiske standpunkt?

- Kva slags signal sender du ut med ein slik annonse?

- Nei, eg sender ikkje ut noko anna signal enn at Firda er ei avis som forfektar ytringsfridomen, der du kan få informasjon om mangt og mykje, også ting du ikkje likar så godt.