Fødestova ved Lofoten sjukehus har vorte trekt fram som eit døme på korleis ei fødestova i grisgrendte strok kan fungera. Men ein rapport frå Helsetilsynet viser at denne modellen for den komande fødestova ved Lærdal sjukehus er ikkje så god som Helse Vest har hevda.
Auke i talet på naudkeisarsnitt
Helsetilsynet er nemleg kritisk til at fødestova i Lofoten i perioden 1997 til 2001 opplevde ein auke i talet naudkeisarsnitt og overføringar av fødande til sentralsjukehuset i Bodø. Dette har skjedd sjølv om alle risikofødslar og planlagde keisarsnitt i Lofoten-regionen på førehand skulle vore skilt ut til Bodø.
Fleire risikofylte fødslar
Helse Førde reknar med 170 fødslar årleg på ei forsterka fødestove i Lærdal. Etter Lofoten-tala vil då kanskje så mykje som 25 kvinner årleg anten måtte flygast til Førde i fødsel eller ta eit akutt keisarsnitt i Lærdal. Med andre ord kan det i snitt skje annakvar veke. Helsefagfolk i Sogn og Fjordane har spådd at ein også ved fødestova i Lærdal kjem til å få ein auke i talet på risikofylte keisarsnitt.