Kritikk mot E39-val

Regjeringa har valt dei beste løysningane for E39 på heile Vestlandet, bortsett frå i Sogn og Fjordane, der dei no har valt den billigaste. Det hevdar KrF-leiar Knut Arild Hareide.

Sjå E39 debatten i dagsnytt18

Sjå debatten mellom Knut Arild Hareide, Jon Georg Dale og Alfred Bjørlo i Dagsnytt 18.

Hareide meiner folk i fylket har grunn til å vere skuffa etter vedtaket om E39 gjennom Nordfjord.

– I Hordaland og Møre Romsdal legg ein samfunnsvekst og utvikling til grunn i Sogn og Fjordane vel det billigaste alternativet.

– Då er det kortsiktig økonomi som blir lagt til grunn. Det kan diverre virke som om regjeringa ikkje har prioritert Sogn og Fjordane denne gongen

Gjekk for indre

Regjering har bestemt at den nye ferjefrie E39 skal svinge austover og krysse Nordfjorden nesten inst i fjorden ved Stryn. Det andre alternativ som har vore aktuelt var kryssing av Nordfjorden ved Anda-Lote. Det såkalla midtre alternativet.

Tilhengarane av den midtre løysinga meiner det ville gitt langt meir regional nytte og effekt for næringslivet i regionen.

Trine Skei Grande nydalen

FORUNDRA OVER E39-AVGJERD: Venstre-leiar Trine Skei Grande

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Det meiner også KrF, og Venstre-leiar Trine Skei Grande. Ho synest regjeringa brukar ulike argument for ulike delar av vegen mellom Kristiansand og Trondheim.

– Eg er veldig forundra over at regjeringa plutseleg legg nye prinsipp til grunn når det gjeld denne lina, fordi at man ikkje følgjer dei same prinsippa som i Møre og Romsdal og Hordaland der regional utvikling og næringsutvikling var hovudgrunnane til den lina ein valde der.

Ikkje berre pris

– Prisen er eitt argument, men det er jo sånn at det indre alternativet også er eit veldig god prosjekt, seier statsminister Erna Solberg.

Erna Solberg intervjues i vandrehallen

IKKJE BERRE PRIS: Statsminister Erna Solberg.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Solberg understrekar at det ikkje er berre er pris som har vore avgjerande for at regjeringa ha landa ned på den indre lina som den beste løysinga.

– Når ein gjer store investeringar så må vi og utnytte desse investeringa framover. Så er det slikt at det alltid vil vere noko som blir skuffa, for når du vel ein trasé så har det betydning for lokalt næringsliv. Hadde vil valt indre så var det nokon andre som var blitt skuffa.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.