Terje Olav Øen. Arkivfoto Jostein Nyfløtt NRK
Fleire tidlegare ambulansetilsette fortel til Sogn Avis om ein sjef som skal vere dominerande, arrogant og maktsjuk.
- Berre å pakke snippøskja
Men først og fremst er det detaljstyringa til klinikksjef Terje Olav Øen som har fått begeret til å renne over. Tidlegare ambulansesjåfør i Balestrand, Tage Ese, karakteriserer Øen som ein person som må styre alt frå tilsetjingar, kursing og til kva bilar som skal køyre pasientar frå sjukehuset. Ein annan tidlegare tilsett, John Arne Kvernevik, seier at det berre er å pakke snippøskja og dra om ein kjem på kant med Øen.
200 tilsette
I dag jobbar i underkant av 200 menneske i ambulansetenesta, og dei tidlegare tilsette fortel at dei hadde følt seg meir komfertabel om leiinga i Helse Førde hadde delegert fleire arbeidsoppgåver til dei tilsette på ambulansane.
Avviser kritikken
Klinikksjef Terje Olav Øen avviser kritikken om detaljstyring. - Eg stiller meg uforståande til den, vi har bygd opp eit kvalitetssystem i ambulanse- og naudmeldetenesta, og vi inviterte ambulanseperonalet til å vere med og delta i arbeidet då dei framleis var tilsette hjå private utøvarar, seier Øen.
- Må detaljstyring til
- Dersom dei som kritiserer med detaljstyring meiner rutinar for korleis vi skal handtere akuttmedisinske situasjonar og samhandling mellom AMK, legevakt og ambulansar, politi og brann, så er kanskje det berettiga. Men det må detaljstyring til for å drive akuttmedisin, seier klinikksjef Terje Olav Øen.
Tillitsvald har ikkje høyrt noko
Tillitsvald for ambulansetenesta i Indre Sogn, Ove Heggeløv, seier han ikkje har oppfatta misnøye med arbeidsmåten til klinikksjef Terje Olav Øen. Heggeløv seier han vil ta tak i problemet om dei tilsette tek kontakt med han. - Men det er ikkje nokon som har nemnt noko til meg før, seier han.