Hopp til innhold

Kritikk i alle ledd

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er framleis kritiske til alle ledd i Sogn barnevern. Det går fram av den endelege tilsynsrapporten. Sogndal kommune klaga på den førebelse rapporten, og i den endelege utgåva er 11 avvik redusert til åtte. I ei pressemelding skriv Fylkesmannen at barnevernet ikkje grip inn med tiltak og undersøkingar ofte nok.