Hopp til innhold

Kritikarar visste ikkje om møte med statssekretæren

Kritikarar av gruveprosjektet i Naustdal visste ikkje at statssekretæren i dag skulle møte Nordic Mining på rådhuset. – Dette er merkeleg, seier Ole Erik Thingnes.

Ole Erik Thingnes i samband med markering for levande Førdefjord

VISSTE IKKJE OM MØTE: Ole Erik Thingnes (SV) visste ikkje om møtet mellom statssekretæren i Næringsdepartementet og Nordic Mining i Naustdal i dag.

Foto: Alf Vidar Snæland

Han er SV-representant i kommunestyret i Naustdal, og ein kjent motstandar av fjorddeponi. Thingnes har engasjert seg stort i planane om gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal, der selskapet Nordic Mining vil utvinne mineralet rutil og deponere overskotsmasse i fjorden.

I dag skal statssekretær Eirik Lae Solberg (H) i nærings- og handelsdepartementet til Naustdal. Der skal han delta på eit møte om prosjektet, saman med selskapet. Også Naustdal-ordførar Håkon Myrvang (Ap) er invitert.

Sjølv visste ikkje Thingnes noko om møtet før i dag.

– Eg var oppringt av NRK i føremiddag og vart då opplyst om møtet. Etterpå ringde eg ordføraren og fekk då vite at kommunen vart gjort kjent med møtet under kommunestyremøtet i går.

– Eg reagerer på at kommunen får beskjed på så kort varsel, og på at kommunestyret ikkje vart gjort merksam på det då ordføraren visste om det, seier Thingnes oppgitt.

Omstridde planar

Planane om gruvedrift i Naustdal har ført til ein veldig debatt, og det er særleg planane om å deponere overskotsmasse frå drifta i Førdefjorden som har fått motstandarane til å sjå raudt.

Sv-politikar Ole Erik Thingnes er svært kritisk til planane og meiner eit fjorddeponi vil vere øydeleggjande for næringane som er avhengige av fjorden.

I vår sa Miljøverndepartementet førebels nei til planane, men Høgre og Frp har i si regjeringsplattform opna for bruk av sjødeponi.

(Artikkelen held fram under biletet)

Håkon Myrvang

SKAL DELTA: Ordførar Håkon Myrvang (Ap) skal delta på møtet mellom departementet og Nordic Mining i dag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ordføraren skal delta

I dag skal statssekretær Erik Lae Solberg ha eit møte med Nordic Mining, det skjer på rådhuset i Naustdal.

Håkon Myrvang som er ordførar i Naustdal skal sjølv delta. Kommunen har sagt ja til planane.

– Eg visste ikkje om møtet før i går, då eg fekk litt informasjon under kommunestyremøtet. Eg fekk då eit notat om at dei vurderte å ha møte i Naustdal. Etterpå tok eg kontakt med departementet for å få vite meir.

– Kva synest du om at du blir varsla dagen før eit slikt møte?

– Statssekretæren er i Sogn og Fjordane og skal møte bedrifter og legg opp til eit møte med Nordic Mining. Når vi blir spurte om vi kan delta på møtet, så synest eg det er flott at vi kan vere der og fortelje om kommunen sitt vedtak, seier han.

Så langt ordføraren har oversikt over er det førebels berre han frå kommunen som skal delta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinbrotet i Engebøfjellet

OMSTRIDDE PLANAR: Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal er svært omstridde, mellom anna planane om eit fjorddeponi vekkjer motstand.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

– Udemokratisk sakshandsaming

Ole Erik Thingnes som representerer SV i kommunestyret forstår ikkje kvifor ikkje kommunestyret er invitert, og meiner også innbyggjarane i bygda burde vore informert.

– Eg har forstått at Nordic Mining skal vere der, og at det skal handle om Engebø-prosjektet. Kva ein skal snakke om og kva som er intensjonen veit eg ikkje, meg eg forstår ikkje kvifor innbyggjarar og kommunen med kommunestyre er invitert, seier han.

– Kvifor er det så viktig for deg å vere der?

– For at demokratiet skal fungere. Dette verkar ikkje på meg som ei veldig demokratisk sakshandsaming.

– Dette er ei sak som har vekt stor motstand og engasjement, og når departementet skal komme snakke med selskapet burde dei vere litt forsiktige med korleis dei går fram. Ein burde i det minste invitere alle, og la alle sider av ei sak vere representert, seier Thingnes.

– Burde ikkje du som kommunestyrerepresentant kunne halde styr på dette sjølv?

– Jo, men korleis skal eg gjere det. Ordføraren vart kjent med møtet i går, så det er sakshandsaminga til departementet ein burde stille spørsmål ved, seier han.

Ordførar: – Eg kan ikkje invitere nokon

Ordførar Håkon Myrvang seier han ikkje har noko problem med at fleire blir med på møtet, men seier det ikkje er opp til han å invitere folk med på møtet.

– Når departementet ønskjer eit møte med selskapet for å høyre korleis ein ligg an i prosessen, så synest eg det er greitt. Det er viktig at dei held seg orientert om prosessen, seier Myrvang.

– Burde du ha sendt ut informasjon i går om at møtet skulle finne stad?

– Dette er eit møte mellom departementet og selskapet, det er utgangspunktet. Eg kan ikkje begynne invitere andre til å møte, eg er sjølv invitert, seier Myrvang.

Fryktar einsidig framstilling av saka

Eirik Lae Solberg (H)

ALLE ER VELKOMNE: Eirik Lae Solberg som er statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet seier alle som vil kome er velkomne til møtet i ettermiddag.

Foto: Oslo Høyre

Thingnes har sjølv ikkje høve til å møte i ettermiddag, sidan han fekk vite om det same dagen som det skal skje.

– Eg er på jobb.

– Men er det så farleg om du ikkje får vere med på møtet?

– For demokratiet sin del er dette ein merkeleg saksgang. Eg synest ikkje det skal vere slik. Om departementet blir sett godt inn i ei sak frå den eine sida, så kan ein sjølv tenkje seg kor nyansert bilete blir, seier han.

– Eg er her for å lære

Statssekretær Eirik Lae Solberg seier han vil mest mogleg om gruveprosjektet i Naustdal. Eit prosjekt Nærings- og handelsdepartementet skal vere med å handsame.

– Det er eit viktig prosjekt både lokalt og i Norge, og eg er her for å få mest mogleg informasjon kort tid etter at eg fekk jobben for tre veker sidan. seier Lae Solberg til NRK.no fredag føremiddag.

Han seier det først var i går at det vart avgjort at han skulle til Naustdal, og at departementet då tok kontakt med ordføraren i kommunen. Han stiller seg uforståande til at Thingnes meiner det har blitt invitert til møtet på ein udemokratisk måte.

– Eg er her for å bli informert, og eg vil ha alle synspunkt, seier Lae Solberg.

Vil gjerne ha fleire med på møtet

Han seier han gjerne vil at fleire blir med på møtet på rådhuset i Naustdal i ettermiddag.

– Eg synest det er veldig positivt om andre medlemmer av lokalsamfunnet og kommunestyret kjem og informerer om sine syn. Eg er her for å lære, og for å bli informert om dei ulike syna som finst på det.

Om folk ikkje har høve til å kome på møtet, stiller han gjerne opp seinare.

– Eg kjem gjerne tilbake for å bli informert av andre enn ordføraren. Eg vil lytte til alle som har sjanse til å møte meg før eg reiser heim seint i kveld, og eg kan også stille i møte i Oslo om folk vil møte meg der, seier statssekretæren.

Ole Erik Thingnes seier han no vil prøve å få organisert eit møte med statssekretæren i løpet av dagen, men han er framleis misnøgd med prosessen rundt.