Hopp til innhold

Vart utskjelt av Navarsete - no rosar sjukehusaksjonisten statsråden

For to månader sidan fekk Janne Endal Andersson ei real skyllebøtte av Liv Signe Navarsete. No rosar sjukehusaksjonisten ministeren for å ha berga anestesien ved Nordfjord sjukehus.

Liv Signe Navarsete og Janne Endal Andersson

ROS: Janne Endal Andersson (t.h) rosar Liv Signe Navarsete for jobben ho har gjort for å sikre anestesitenester ved Nordfjord sjukehus. Biletet er frå eit tidlegare møte mellom dei to.

Foto: NPK/Hallvard Østrem/skjermdump

Måndag kveld kom det nyhende som nordfjordingane har venta lenge på – anestesien på Nordfjord sjukehus er berga.

Lokalsjukehusforkjempar Janne Endal Andersson meiner Senterpartileiar Liv Signe Navarsete skal ha mykje av æra for det.

– Liv Signe har mykje personleg forteneste for at regjeringspartia gjekk inn for at sjukehuset i Eid får behalde anestesitenestene, seier Endal Andersson til NRK.no.

«Takk til Liv Signe»

Etter lange forhandlingar bestemte dei raudgrøne seg måndag kveld for kva tilbod som skal vere ved lokalsjukehus med tilpassa akuttfunksjonar. For Nordfjord sjukehus betyr det at dei får behandle anestesitenestene, noko folk i Nordfjord er svært nøgde med.

I kommentarfeltet på NRK sine sider rosar Endal Andersson statsråden for jobben jo har gjort.

Takk til Liv Signe og alle som kjempar! Dette er ein siger for Nordfjord, for Sogn og Fjordane, for distrikts Norge, for likeverd og for demokratiet!!

Janne Endal Andersson

– Eg er svært glad for det arbeidet Liv Signe har lagt ned for denne saka, seier Endal Andersson.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Liv Signe Navarsete blir sint

UTBROT: TV-bileta av Liv Signe Navarsete som skjeller ut ein sjukehusaksjonist er sett av svært mange.

Vart utskjelt av Navarsete

For knappe to månader sidan var tonen mellom dei to ikkje fullt så god. Berre dagar etter at regjeringa hadde gått inn får å leggje ned fødeavdelinga ved Nordfjord sjukehus kom Navarsete til Eid for å møte lokalpolitikarar.

Før ho kom så langt vart ho møtt av rasande sjukehusaksjonistar, og det følgjande utbrotet til Navarsete fekk mykje merksemd i media.

For då Janne Endal Andersson skulda Senterparti og Navarsete for distriktsnedbygging, rann begeret over for den hardt pressa ministeren.

– Du veit ikkje kva du snakkar om, du veit ikkje kva du snakkar om, sa ei tydeleg opprørt og forarga Navarsete og la til:

– Det er eg som har vore i forhandlingar i lange dagar og lange netter i fleire timar lange telefonmøte, rasa ministeren mot sjukehusaksjonisten.

Vi har tent på dette

Skyllebøtta mot sjukehusaksjonisten skjedde for opent kamera, og episoden førte til toppoppslag i både lokalpresse og rikspresse.

Endal Andersson trur hendinga har styrka saka for dei som kjempar for lokalsjukehusa.

– Heile Norge fekk sjå ein engasjert, open og ærleg politikar. Det førte til at sjukehussaka fekk mykje merksemd i media og det kom til dømes fram at mange vedtak er gjort på sviktande faktagrunnlag, seier Endal Andersson.

(Artikkelen held fram under biletet)

Video Sjukehusaksjonist møter Liv Signe Navarsete etter utskjelling

ORDNAR OPP: Sjukehusaksjonist Janne Endal Andersson og Liv Signe Navarsete møter kvarandre etter utskjellinga.

– Eg trur Navarsete vart engasjert

Eid-kvinna som kjempar for lokalsjukehuset på Nordfjordeid trur også Navarsete fekk motivasjon til å kjempe vidare for lokalsjukehusa då ho for alvor fekk merke engasjementet blant lokalbefolkninga.

– Eg trur ho tenkte inni seg at ho ikkje kan stå for distriktsnedbygging, og at ho fekk piffen til å kjempe endå meir, seier Endal Andersson.

– Kan du tilgi Navarsete for at fødeavdelinga på Nordfjord forsvinn?

– Det handlar ikkje om det lenger. Når vi får behalde anestesien opnar det opp for at det skal vere aktivitet på sjukehuset. No skal vi vidareutvikle sjukehuset og vi håpar og trur at dette vedtaket kan gjere at vi får tilbake fødeavdelinga, seier Endal Andersson.

Sjukehusaksjonisten presiserer at det aldri har vore noko vondt blod mellom ho og Navarsete og seier ho føretrekkjer politikarar som torer å vise engasjementet sitt.

– Eg tek gjerne imot fleire skyllebøtter dersom det kan få politikarane og andre til å engasjere seg, seier Endal Andersson.