NRK Meny
Normal

Her har Kristoffer (16) fått has på den største laksen i sitt liv

EIDSELVA (NRK): Sveitten rann, tårene trilla og kjenslene var sterke då Kristoffer Vedvik Eikeset (16) fekk i land laksen på nær ni kilo.

kristoffer vedvik eikeset 16 år fekk laks på 8,33 kilo

REKORD: Kristoffer Vedvik Eikeset (16) smilte frå øyre til øyre etter å ha fått ein laks på 8,33 kilo i Eidselva i Nordfjord. Det er mange kilo over hans tidlegare rekord som var på rundt fem kilo.

Foto: Harald Kolseth / NRK

– Eg har ikkje ord. No sveittar eg. Det var dagens treningsøkt. Det er så mange kjensler at det går heilt surr i hovudet mitt no, men det er heilt fantastisk. Eg hadde aldri drøymt om dette, jublar den unge laksefiskaren.

I dag opna laksefisket i dei fleste lakseelvane i Norge. Mange godt vaksne fiskarar var klare, men det var også tenåringen frå Nordfjord.

Etter nesten ni timar i Eidselva, berre avbrote av ein kjapp matpause, fekk han endeleg laks på kroken. Og ikkje nok med det – med ein laks på 8,34 kilo er det den klart største han har tatt nokon gong og det på den første dagen av årets sesong for laksefiske i norske elver. Hans tidlegare rekord var på rundt fem kilo.

No skal han sove

Ved midnatt starta laksefisket i dei fleste elvene i Norge og dei ivrigaste stod klare med stonga i nevane i det startskotet gjekk. Blant desse var 16-åringen Kristoffer og faren Sven Morten Eikeset.

Begge fekk storfangst på første forsøk.

– Dette er den største laksen eg har tatt og det å gjera det på opningsdagen er heilt fantastisk. No skal eg heim for å sova og så skal vi feire med rømmegraut i kveld, seier Kristoffer.

Har fiska heile livet

16-åringen har fiska saman med faren sidan han kunne gå og sidan laksefiske opna natta før ein skuledag hadde han ordna seg fri. Medan han kjempa for å få laksen stod ein nervøs far på land og følgde med.

– Det er utruleg spennande, seier far Sven Morten Eikset.

Kristoffer Vedvik Eikeset og Sven Morten Eikeset, laksefiske i Eidselva

DEI TO STØRSTE: Far Sven Morten Eikset (t.h.) fekk den største laksen i Eidselva på opningsnatta. Like bak følgde sonen Kristoffer Vedvik Eikeset (16) med ein fangst på 8,33 kilo.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Og då 16-åringen nesten hadde fått laksen på land datt den av kroken, men ein snarrådig pappa kasta seg uti elva og kasta laksen på land. No endar den opp i frysen heime, saman med laksen pappa Sven Morten drog opp som var på heile 8,66 kilo.

– Utan pappa hadde eg aldri fått denne fisken. Eg hadde nok aldri begynt å fiske, så det er berre å takke pappa. Han er fantastisk, seier Kristoffer.

– Forstår kameratane dine kor stort dette er?

– Det tvilar eg på. Det er få ungdommar som driv med laksefiske og det er kanskje litt sært, men eg syns det er fantastisk å vera ute i den friske lufta. Opplevingar som dette er mykje betre enn å sitte inne og sjå ut i lufta, seier han.

Far og son Eikeset sine fiskar hamnar i frysen, men for mange vert laksen tatt opp og etter eit kjapt bilde vert den sleppt ut att i elva.

Vegopning på Bergum i Førde kommune