Hopp til innhold

Brukar Facebook for å betre omdømet i eldreomsorga

Stadig fleire sjukeheimar loggar seg på Facebook for å dele bilete og hendingar frå kvardagen. Håpet er at det skal betre omdømet til eldreomsorga.

Eldreomsorg

INNBLIKK I LIVET: Kristine Kapstad Frøyen syns det er kjekt at bilete av ho kjem på Facebook-sida til Svelgen omsorgssenter.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

– Det er ikkje hemmeleg det vi driv på med her på sjukeheimen, så då er det heilt greitt at vi er på Facebook. Då kan pårørande sjå korleis mor eller far har det, seier Anne Elise Løvold.

Løvold og Kristine Kapstad Frøyen er to av bebuarane på Svelgen omsorgssenter i Bremanger kommune. Omsorgssenteret har over 700 følgjarar på Facebook, som får ta del av små og store opplevingar. Det kan vere alt frå ein fisketur, dagens middag og til bilete frå den populære torsdagsbingoen.

Ved å dele glimt frå kvardagen nyttar fleire sjukeheimar sosiale medium for å betre ryktet til eldreomsorga.

– Ein sit ikkje rundt om og søv på stovene. Ofte har bebuarane innhaldsrike dagar med mykje som skjer. Dette er ein god måte å marknadsføre kor godt livet på ein sjukeheim kan vere, seier driftssjef ved omsorgssenteret, Hilde Hauge.

Eldreomsorg

POSITIVT FOR ELDREOMSORGA: Driftsjef Hilde Hauge (t.v.) og fagleiar Linda Førde (t.h.) ved Svelgen omsorgssenter, meiner deling av små og store hendingar på sosiale medium er med på å skape eit betre inntrykk av livet på ein sjukeheim.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

Oppretta Facebook-side for å vise meir frå kvardagen

Ei oppteljing NRK har gjort viser at over 100 av landets sjukeheimar, omsorgssenter og helsetun er på Facebook. Blant desse er Åstveit sjukeheim i Bergen. Dei har vore på Facebook i over fire år.

– Vi likte ikkje det negative fokuset på eldreomsorg som kom ut i media. Det var fokus på lite aktivitet og dårleg ernæring. Difor ville vi skape eit alternativ med å få fram mykje av det kjekke vi gjer på. Det er noko vi får positive tilbakemeldingar frå pårørande og bebuarar på.

Skjermdump

UT PÅ TUR: Ein tur ut av omsorgssenteret kan vere noko som kjem på Facebook.

Foto: Skjermdump / Facebook.com

Framover vil fleire sjukeheimar logge seg på. Det meiner rådgjevar innan digitale og sosiale medium, Hans-Petter Nygård-Hansen.

– Det skulle berre mangle at sjukeheimane ikkje er til stades på Facebook. Dette speglar samfunnet vi lever i. Når sjukeheimane er på sosiale medium, så vil det bringe kvardagen deira ut til familie og bebuarar som ikkje bur i umiddelbar nærleik, seier Nygård-Hansen.

Strenge med kva som blir lagt ut

Sjukeheimane har klare retningslinjer for kva som hamnar på internett.

– Ein må vere forsiktig med kva ein legg ut, så vi er ganske strenge, seier Linda Førde, som er fagleiar ved omsorgssenteret i Svelgen.

Tilbakemeldingane frå både brukarar og pårørande er positive. Bebuar på Svelgen omsorgssenter, Anne Elise Løvold, syns det er ekstra kjekt når hennar næraste får eit innblikk i korleis kvardagen er.

– Det blei lagt ut eit bilete på Facebook frå ei påske vi malte på egg. Seinare på kvelden fekk eg ein telefon frå dottera mi i Ulsteinvik. Ho sa ho såg hendene mine på Facebook, ler Løvold.

Eldreomsorg

KJEKT AT KJENDE OG KJÆRE KAN SJÅ: Anne Elise Løvold syns det er fint at Svelgen omsorgssenter er på sosiale medium.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK