NRK Meny
Normal

Kristin (27) får ein million visingar på Instagram med denne uvanlege hobbyen

DALE I SUNNFJORD (NRK): Kristin Steinsland (27) lagar smykke og øyredobbar pynta med einhjørningliknande drinkar og glitrande kaker i alle regnbogens fargar.

Kristin Steinsland lager leirefigurar

DETALJARBEID: På hobbyrommet har Steinsland rigga seg opp med gode lys. Dette er viktig for å sjå alle detaljane, samt få gode videoar.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Det er kjekt å kunne dele ein hobby som ikkje er så vanleg, seier Kristin Steinsland (27).

Ho lagar figurar som liknar på muffinsar, drinkar og iskremar, og legg ut videoar av prosessen på Instagram.

Nokre av desse videoane får heile to millionar visingar. Instagram-kontoen hennar, Lunas Corner, har 176.000 følgjarar.

– Eg trur folk blir fenga av å sjå prosessen av korleis ein ting blir laga, forklarar Steinsland.

Då ho byrja med hobbyen i 2014 visste ho ikkje om nokon andre som dreiv med det same, men talet på følgjarar og visingar har gradvis auka.

Inspirasjon frå ekte mat

27-åringen er frå Askvoll, men bur i Dale i lag med sambuar og hunden Zelda.

På hobbyrommet står figurane på rekke og rad.

– Eg får mykje inspirasjon frå ekte mat. Det går mykje i dessertar som muffins og kaker. Eg ser på bilde, og så prøve eg å lage det same. Eg gjer figurane ofte litt søtare ved å lage ansikt på dei med til dømes augevipper og sløyfer.

Figurar Kristin Steinsland har laga

TIDKREVJANDE: Steinsland kan bruke alt frå ti minutt til fleire timar på ein figur. – Det er mange detaljar som skal på plass.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Figurane er laga av leiretypen fimo, og modelleringsteknikken blir kalla «polymer clay crafting» og hentar inspirasjon frå japansk kultur.

– Få i Noreg

Sjølv om Steinsland får mellom ein halv til to millionar visingar på kvar video ho legg ut på Instagram, meiner ho at det er få andre nordmenn som driv med hobbyen.

Kristin Steinsland

FIGURMAKAR: Kristin Steinsland (27) er hekta på modelleringsteknikken «polymer clay crafting».

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Eg veit berre om eit par stykk i heile Noreg som driv med dette. Dei har eg møtt gjennom Instagram, fortel ho.

På hyllene på hobbyrommet også står fleire figurar som ho har fått tilsendt frå andre som driv med modelleringsteknikken, frå diverse stadar i verda.

– Denne fekk eg frå ei jente som bur i England, seier Steinsland og viser til ein glitrande lilla einhjørningfigur.

Laster Instagram-innhold

Youtube som lærar

Interessa for hobbyen byrja med ein tilfeldig video på Youtube.

– Eg har vore interessert i smykkelaging ganske lenge. Ein dag eg var på Youtube for å sjå etter nokre smykkeidear, kom eg over ein video av nokon som laga eit kakeliknande smykke av fimo, og sidan då har eg vore frelst.

Undervegs har ho lært seg teknikkar gjennom Youtube, eller så har ho kome på løysningar sjølv.

– Mellom anna brukar eg ein tannkost til å få leira til å sjå ut som ferdigsteika muffinsdeig, forklarar ho.

Draumen er å ein dag kunne starte nettbutikk, sjølv om ho no synest det verkar litt skummelt.

– Men eg veit at dette er noko eg vil halde fram med. Det er definitivt ein hobby eg stortrivast med.

På rommet til Kristin Steinsland står figurane på rekke og rad

PÅ REKKE OG RAD: På hobbyrommet er det pynta med fleire av figurane.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.