Hopp til innhold

Kristi klarte EM-kravet i siste liten

Kristi Strømmen Kjerpeset (Florø) fekk maksimalt ut av det siste kvalifiseringsløpet til junior-EM.

Kristi Strømmen Kjerpeset

EM-KLAR: Mykje skal gå gale om ikkje Kristi Strømmen Kjerpeset forsvarar dei norske fargane under junior-EM i Grosseto frå 20. til 24. juli.

Foto: Ståle Jan Frøynes / Norsk Sprint

Florø-jenta forbetra seg 25 hundredelar sidan helga og sprang i dag 100 meter hekk på tida 14,11. Med det vart Florø-jenta mest truleg klar for junior-EM om to veker.

Kravet for meisterskapen i italienske Grosseto var på 14,30.

– Kravet er tatt og uttaket er på søndag, men det er ikkje noko som tilseier at eg ikkje skal bli teken ut. Då må eg anten bli skadd eller nokon dukke opp av det blå og springe fortare enn meg, jublar 19-åringen.

Hamstringskade

Det har gått trått for friidrettstalentet sidan ho sleit hamstringsfeste i 2013.

Etter mange år med plager, var oppturen under Boysen Memorial på Bislett stadion av det svært kjærkomne slaget.

– Det er veldig, veldig stort. Før sesongen hadde eg ikkje tru på at eg skulle passere ein einaste hekk i år. Det er ei veldig stor lette at eg kan springe hekk, og når eg att på til klarer å få EM, så er det ein utruleg stor bonus, strålar ho.

Vart nummer tre

Agathe Holtan Wathne (Sandnes) vann med tida 13,75. Ida Eikeng (Urædd) tok andreplassen med 13,88. Begge med tider godt under Kjerpeset sin personlege rekord på 13,73.

Akkurat det betyr lite i dag.

– Fram til februar i år kunne eg berre trene kondisjon. Frå mars var eg i full gang med sprint, men hekk var uaktuelt på grunn av belastninga. Det kan bli kronisk om ein belastar for mykje, seier ho.

Var nervøs

Då 19-åringen fekk resultatet etter løpet, var ho svært letta men likevel ikkje veldig overraska.

– Det var på ein måte realistisk. Førre helg sprang eg på 14,36 sjølv med ein solid krasj allereie i første hekken. Eg visste at eg var god for dei tala, men det er noko med å faktisk gjere det, seier ho.

– Difor var eg også nervøs i dag, fordi det betyr så mykje å springe under EM. Og i dag var siste kvalifiseringsløp, legg ho til.

No kan 19-åringen sjå framover til fleire hekkeløp.

– Det er veldig, veldig motiverande å vite at sjølv om eg ikkje har fått trena hekk i heile år, og ikkje har forventingar, så fungerer ting. Eg presterer gode ting og kvalifiserer meg for eit stort meisterskap, seier ho.