Hopp til innhold

Krisesentra vil ikkje ha menn

Ingen krisesenter i landet vil tilsetje menn. Familieterapeut Per Bjarne Ørjansen reagerar.

Kvinne, mishandling, parforhold, vold
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Han har stor respekt for det arbeidet krisesentersekretariatet har gjort, men tror dei hadde vore tent med å sleppe til menn i organisasjonen.

Fungerande dagleg leiar ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland, seier at dei mishandla kvinnene ikkje vil ha hjelp av ein mann.

Har aldri prøvd

- Kvinner tykkjer det er vanskelegare å oppsøkje hjelp her når det er menn tilstades, seier Hovland. Ho seier vidare at dei aldri har prøvd å ha menn på krisesenteret, men at dette har vore diskutert fleire gonger både med organisasjon og brukarar.

I Florø ligg krisesenteret for mishandla kvinner i Sogn og Fjordane. Her jobbar åtte personar, ikkje ein av dei er mann. Heller ikkje i styret som tel fem representantar finst det menn. Men dette er ikkje unikt - blant krisesentersekretariatet sine 33 krisesenter i Norge jobbar det kun kvinner.

- Kan gje positive erfaringar

Per Bjarne Ørjansen er mann, sosionom og familieterapaut i Førde. Han har stor respekt for det arbeidet krisesentersekretarietet har gjort, men meiner dei bør tenke nytt og gjerne tilsette fleire menn.

- Eg trur det hadde vore spennande. Kanskje ein kunne gjort andre, og positive erfaringar, seier Ørjansen.

Mange menn søkjer

Og det har ikkje mangla på mannlege søkjarar til krisesentra i landet. Men søknadane deira blir avviste. For skal vi tru informasjonsansvarleg i krissentersekretariatet, Maya Brenna-Nielsen så er menn lite eigna i deira teneste. Deira organisasjon er av og for kvinner seier ho.

  Kva meiner du? Debattèr her

- På krisesenteret handlar det om at kvinner skal hjelpe kvinner, på kvinner sine premiss. Det er sikkert nokon menn som kan det, men eg ser ikkje akkurat at dette seier seg sjølv. 

- Kvifor ikkje?

- Ofte er det slik at kvinnene på krisesenteret har røymd frå valdelege menn. Eg seier ikkje at dei berre har dårlege erfaringar med menn, men det er kanskje litt vanskeleg i ein krisesituasjon å skulle møte ein anna mann. Det er nok ein ekstra tryggheitsfølelse å berre møte kvinner.