Hopp til innhold

Krisesentra blir misoppfatta

Ei undersøking viser at mange ikkje er klar over at krisesentra også har tilbod til andre enn dei som bur der.

Wenche Hovland, dagleg leiar ved Krisesenteret.

Ein fersk rapport overlevert Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet viser at få kjenner til kva tilbod Krisesentera har. - Mange kvinner har ein høg terskel for å ta kontakt, stadfestar Wenche Hovland.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I undersøkinga frå Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, kjem det fram at 15 prosent av kvinner med valdserfaring let vere å oppsøke krisesenter fordi dei ikkje veit kva hjelp dei kan få der.

Breidt tilbod

Mange trur at sentra kun er for kvinner som vil ut av valdelege forhold. Dagleg leiar ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland, fortel at krisesentra har eit tilbod for langt fleire enn dei som vert utsett for fysisk vald.

- Det er ikkje slik at ein må vere slått eller terrorisert i stor grad for å få hjelp. Det er mange som har opplevd krenking i eit forhold eller har det frykteleg vanskeleg, seier ho.

- Kva som helst

Ein treng ikje å bu ved eit krisesenter for å nytte seg av tilboda der. På dagtid kan kven som helst ta kontakt dersom ein treng råd og rettleiing, eller berre vil ha nokon å snakke med.

- Ein kan komme på dagbesøk, få sett ting inn i perspektiv, få informasjon om rettar og mogelegheiter, praktisk hjelp. Det kan vere kva som helst, seier Hovland.