Delegatane frå Luster og Hafslo Arbeidarlag forlet altså møtet før slutt, og vil no starte eiga samlingsliste med Ernst Veum som ordførarkandidat. Dermed stiller Luster Arbeidarparti med Inger Marie Evjestad som ordførarkandidat framfor haustens val.
Tung tur til talarstolen
Nominasjonsnemda i Luster Arbeidarparti prøvde før møtet i går å tilnærme seg den bitre striden i partiet. Dei føreslo både sitjande ordførar Ernst Veum og utfordrar Inger Marie Evjestad på delt førsteplass. Men fleirtalet, det vil seie utsendingane frå Gaupne og Jostedalen Arbeidarlag, sto steilt på at Evjestad skulle stå åleine på toppen.
Nederlaget var eit faktum for Ernst Veum, og dermed tok Anders Bolstad og resten av delegatane frå Hafslo og Luster Arbeidarlag ei dramatisk og ikkje minst historisk avgjerd om å forlate partiet.
-Dette er ein av dei tyngste turane eg har hatt opp på denne talarstolen her. Hafslo og Luster Arbeidarlag trekkjer seg no tilbake, og dei kjem til å danne ei eiga liste samansett berre av folk frå Arbeidarpartiet. Deretter får vi sjå om denne splittinga kan føre til at vi jobbar oss saman på eit seinare stadium, sa ein tydeleg prega Bolstad.
Nominasjonsmøtet i Luster Arbeiderparti enda i full splitting tysdag kveld. Ein del av delegatane forlet møtet, og vil danne si eiga samlingsliste. (Alle foto: Arne Eithun)
Einaste utvegen
Ernst Veum forlet nominasjonsmøtet rett etter Bolstad si kunngjering, og var ikkje interessert i å kommentere det dramatiske utfallet av møtet. Men leiar i Hafslo Arbeidarlag, Oddstein Haugen, meinte dette var einaste utvegen.
-Å kaste ein ordførar som har hatt ein slik suksess med 59 prosent av stemmene ved siste valet - det var ikkje folk samde i, sa Haugen til NRK Sogn og Fjordane.
-Situasjonen er kritisk, sa Ap sin fylkesleiar, Tor Bremer.
-Situasjonen er kritisk
Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti og medlem i Luster Arbeidarparti, Tor Bremer, sat berre og måpa då delegatane frå Hafslo og Luster forlet nominasjonsmøtet i går.
-Eg trur ikkje nokon fylkesleiar er førebudd på ein slik situasjon som oppsto her i kveld, sa Bremer.
-Kva vil dette bety for Arbeidarpartiet i Luster og fylkespartiet?
-Vi skal vere varsame med å overdramatisere, men at situasjonen er kritisk kan vi vere samde om, sa ein rysta Bremer.